FINNJobbSøkVestlandSogndal
Bilde fra arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune logo
Vestland fylkeskommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Leiar for rekneskap

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Leikanger
  • Søknadsfrist 27.09.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Operativ leder for regnskap med personalansvar for sju medarbeidere på Leikanger. Ansvar for daglig drift, kvalitetssikring og rapportering.

Kvalifikasjoner

  • Høyere økonomisk utdanning på bachelornivå eller tilsvarende (relevant erfaring kan kompensere)
  • Erfaring fra regnskapsarbeid, gjerne fra stor og kompleks virksomhet
  • Relevant ledererfaring, gjerne fra en operativ lederrolle
  • God forståelse for regnskapssystemer som Visma Enterprise Plus og Framsikt
  • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid samt offentlig sektor er en fordel

Hva vi tilbyr

  • Gode muligheter for faglig utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlige pensjons- og forsikringsordninger
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Leiar for rekneskap

Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg!

I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering.

Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet.


Arbeidsoppgåver

Kjerneoppgåver i eininga

  • Remittering
  • Fakturering og purring
  • Fakturamottak
  • Avstemming av bankkonti og balanse
  • Anleggsmodul
  • Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm)
  • Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar
  • Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem
  • Periode- og årsoppgjer

Arbeidsoppgåver

Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet.

  • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling
  • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar
  • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet
  • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen
  • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor
  • Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning, gjerne på bachelor-nivå eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring innan rekneskap kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå ei stor og kompleks verksemd
  • Relevant leiarerfaring, gjerne frå ei operativ leiarrolle
  • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system
  • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel
  • Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Du er en leiar som

  • Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst
  • Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima
  • Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig
  • Er analytisk og strukturert i arbeidsforma
  • Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen
  • Har personleg integritet
  • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
  • Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale/
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Kvifor velje oss?

  • Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet
  • Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane
  • Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT
  • Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg
  • Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter

Ferdigheter
AI-generert

  • Avstemming
  • Fakturering
  • Finansiell rapportering
  • Remittering
  • User support
  • Utarbeide årsregnskap
  • Visma

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
  • Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap

Nøkkelord

Leder, Regnskap, Økonomi, Regnskapsleder

Spørsmål om stillingen

LM

Linda Mæland Nipen

Leiar økonomi

Firmaets beliggenhet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Kart
Søknadsfrist: 12 dager igjen

1595 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
Heimeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476453107
  • Sist endret: 15.9.2026, 09:25
  • Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse