FINNJobbSøkVestlandSogndal
Sognekraft logo
Sognekraft
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Koordinator drift og vedlikehald

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Sogndal
  • Søknadsfrist 7.10.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Koordinere ressursallokering og bemanning av arbeidsordrer på tvers av 23 kraftverk, samt følge opp reservedelslager og dokumentasjon.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring fra administrativt arbeid, planlegging eller koordinering er ønskelig
  • Generell teknisk forståelse
  • God digital forståelse og kjennskap til systemer for dokumentasjon og rapportering
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og basiskunnskaper i engelsk
  • Førerkort klasse B
  • Må kunne godkjennes i bakgrunnssjekk etter kraftberedskapsforskriften

Hva vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgaver i en vedlikeholdsgruppe med 15 kollegaer
  • En trygg arbeidshverdag med godt samarbeid
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Koordinator drift og vedlikehald

Du treng ikkje vere ingeniør eller fagekspert for å passe inn hjå oss. Det som skil deg ut, er evna til å skape struktur, halde oversikt og få folk til å dra i same retning. Er du strukturert, god på å byggje relasjonar og motivert av å sikre framdrift – då bør du lese vidare.

Om jobben

Som drifts- og vedlikehaldskoordinator får du ansvar for den daglege ressursallokeringa på tvers av 23 kraftverk fordelt i heile Sogn og Fjordane. Kvart anlegg har ein vedlikehaldsansvarleg som planlegg og utarbeider arbeidsordrar – di oppgåve er å sikre at desse ordrane blir bemanna og gjennomførte til rett tid. I tillegg har du oversikt over reservedelslageret, følgjer opp rapportering og myndigheitskrav, og er sentral i å halde rutinar og dokumentasjon på plass.

Ein typisk arbeidsdag kan innebere alt frå å koordinere kven som skal ut til eit anlegg dei neste dagane, følgje opp at varer er bestilt inn og på plass før jobben byrjar, sjå til at jobben blir gjennomført og dokumentert eller ta ein telefon for å løyse ei praktisk utfordring. Dagane er varierte, og du vil raskt bli kjent med folk i heile organisasjonen.

Kvifor velje oss?

Me er 15 gode kollegaer i vedlikehaldsgruppa og me legg vekt på godt samarbeid og ein trygg arbeidskvardag. Sidan kraftverka ligg spreidde i heile Sogn og Fjordane, må du like å vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, men me finn gode løysingar saman og det gir spennande og varierte arbeidsoppgåver.

Er du klar for å bli med på laget?

Rolla krev tett dialog med mange ulike folk i organisasjonen, så du er god på å byggje relasjonar og trivst i sosial kontakt med kollegar og samarbeidspartnarar. Me ser for oss ein person som er påliteleg, strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å skape orden og framdrift på tvers av fagfelt, og du likar å stille dei enkle spørsmåla som sikrar at ingenting blir tatt for gitt. Ei aktiv haldning til HMS er viktig for oss.

Du har:

  • Interesse for struktur, planlegging og koordinering – gjerne med erfaring frå administrativt arbeid

  • Generell teknisk forståing – stillinga krev ikkje djup fagspesialisering

  • God digital forståing og kjennskap til system for dokumentasjon og rapportering

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg, samt basiskunnskapar i engelsk

  • Førarkort klasse B


Er du nysgjerrig eller lurer på om du er kvalifisert? Me set pris på at du tek kontakt for ein uforpliktande og konfidensiell prat med leiar for vedlikehaldsgruppa Bjarte Haugen på tlf. 413 24 789.

Praktisk informasjon

Sidan bransjen er underlagt kraftberedskapsforskrifta, vil aktuelle kandidatar gjennom ein bakgrunnssjekk før tilsetjing. Du vil få nærare informasjon om dette dersom du er aktuell.

Ferdigheter
AI-generert

  • Dokumentasjonsverktøy
  • Forstå, skrive og lese norske tekniske dokumenter
  • HMS kurs
  • Norsk
  • Rapporteringsverktøy

Om arbeidsgiveren

Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.

I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!

På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.

Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
  • Sted: Steigavegen 129, 6856 Sogndal
  • Bransje: Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Vassdrag

Videospiller

Nøkkelord

Koordinator, vannkraft, Energi, Drift, vasskraft

Spørsmål om stillingen

BH

Bjarte Haugen

Leiar vedlikehaldsgruppa

41 32 47 89Kopier telefonnummer 41 32 47 89

Firmaets beliggenhet

Steigavegen 129, 6856 Sogndal

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

41 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med SOGNEKRAFT AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476046223
  • Sist endret: 10.9.2026, 13:29
  • Org.nr.: 925904937Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse