Energimontørar
- Søknadsfrist 30.9.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
- Antall stillinger 2 stillinger
I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!
Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontørar til montørbasen i Lærdal, men kan også vurdere å tilsetje i Aurland og Sogndal.
Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit inkluderande lag som løftar kvarandre.
Kvifor Sygnir og kva vil du jobbe med
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt - du deltek i drift, byggjing og vedlikehald av høgspent, lågspent, linjer og kabelanlegg, nettstasjonar og transformatorstasjonar. Du kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her kan du utvikle deg.
Kven ser me etter?
- Fagbrev energimontør
- Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
- Jobbar trygt og strukturert, og tek HMS på alvor
- Er fleksibel og komfortabel med å jobbe innanfor ulike fagområde
- Er fagleg engasjert og nysgjerrig
- Er lagspelar som inkluderer andre og bidreg til eit godt miljø
- Er god til å rettleia og følgja opp lærlingar
Kva me kan tilby
Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget. Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn.
Bli ein del av noko større
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære og bratte terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.
Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!
Spørsmål om stillinga? Ta kontakt med baseleiar Tobias Loftesnes Kvåle tlf. 953 66 970 .
Me tek imot søknader som normalt, men forstår om du helst vil sleppe å skrive. Send sms til Tobias og vi tek kontakt for ein uformell prat, alternativt ein e-post til tobias.kvale@sygnir.no
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Ferdigheter AI-generert
- Arbeid med høyspent og lavspent industri - og forsyningsanlegg
- Arbeid på distribusjonsnett
- Drift og vedlikehold av elektriske høyspenningsanlegg
- Elektrisk linjekonstruksjon
- Lavspenning
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Grandavegen 4, 6887 Lærdal
- Flere arbeidssteder: Dalavegen 25, 6856 Sogndal, Låvi 2, 5745 Aurland
- Bransje: Bygg og anlegg, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Energimontør
Videospiller
Nøkkelord
Energimontør, Fagarbeider, Energi, kraft, linjearbeid
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476023649
- Sist endret:
- Org.nr.: 924619260Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
