Customer Success Manager
- Søknadsfrist Snarest
- Mulighet for hjemmekontor På kontoret, Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Bli med og bygg framtidas teknologi for reiselivsnæringa
I Apility byggjer vi teknologi som blir brukt av nokre av Noregs mest spennande attraksjonar, museum og opplevingsaktørar. Gjennom vår eigen plattform Entrii hjelper vi reiselivsbedrifter og tenestetilbydarar med å selje billettar og opplevingar, administrere kapasitet og skape betre gjesteopplevingar.
Vi byggjer no eit sterkare produktmiljø i Sogn. Derfor er vi på jakt etter menneske som kombinerer interesse for teknologi med forståing for reiseliv, opplevingar, marknadsføring eller digital produktutvikling. Hos oss får du høve til å jobbe med eit produkt som har direkte innverknad på korleis menneske opplever kultur, historie, natur og aktivitetar.
Midt i ein av Noregs sterkaste reiselivsregionar
Vi held til midt i hjartet av Vestlandet, omgitt av nokre av dei mest besøkte natur- og reiselivsdestinasjonane i landet. Her møter vi kvar dag den bransjen vi utviklar teknologi for. Mange av kundane våre er blant dei leiande aktørane innan opplevingar, kultur, attraksjonar og aktivitetar.
Nærleiken til bransjen gir oss innsikt som er vanskeleg å få gjennom rapportar og møte åleine. Vi ser utfordringane på nært hald, følgjer utviklinga tett og får kontinuerleg tilbakemelding frå menneska som brukar løysingane våre.
Teknologi som skaper opplevingar
Når nokon besøkjer eit museum eller bestiller ein aktivitet, er det lett å tenkje at opplevinga startar når dei kjem fram. Vi veit at ho startar lenge før. Gjennom teknologi for booking, billettsal, marknadsføring og innsikt er vi med på å forme heile kundereisa. Det er dette som gjer reiselivsteknologi så spennande.
Kven ser vi etter?
Vi er interesserte i å kome i kontakt med deg som har erfaring frå eitt eller fleire av desse felta:
Reiseliv og opplevingsnæringa
Digitale produkt og teknologi
Marknadsføring og kommersiell utvikling
Kundeservice og gjesteoppleving
Produktleiing og prosjektleiing
Du treng ikkje å passe inn i éi bestemt rolle. Dersom du brenn for korleis teknologi kan skape betre opplevingar for besøkande, vil vi gjerne høyre frå deg.
Dette kan du få jobbe med
Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar jobbar vi med å vidareutvikle Entrii, plattforma vår for billettsal og booking. Andre dagar jobbar vi med installasjon, integrasjonar eller brukarstøtte. Nokre dagar er vi ute og besøkjer spennande museum og attraksjonar, andre dagar er vi samla på kontoret.
Felles for alt vi gjer, er at vi byggjer løysingar som blir brukte i den verkelege verda – av menneske som skal oppleve museum, attraksjonar, aktivitetar, arrangement og destinasjonar.
Du kan mellom anna få jobbe med:
Produktutvikling og innovasjon
Systemarkitektur og integrasjonar
UX og tenestedesign
Kunstig intelligens og automatisering
Data og innsikt
Digitalisering av reiselivs- og opplevingsnæringa
Praktisk informasjon
Me har kontorplassar på Leikanger og i Bergen, men det er ikkje uaktuelt med kontorplass ei anna bygd i nærleiken om ein ynskjer å ha hovudbase der.
Jobben inneber litt reising til kundar på vestlandet eg ellers i landet, så at du har bil og sertifikat er ein fordel, sjølv om det ikkje er eit krav.
Send ein søknad på e-post eller ta kontakt med meg direkte, så møtest vi over ein kaffi.
Ferdigheter
- Digital produktutvikling
- Grundig erfaring fra reiseliv
- Kundedialog
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
I Apility utviklar vi teknologi for reiselivs- og opplevingsnæringa. Løysingane våre blir brukte av museum, attraksjonar, aktivitetstilbydarar og andre verksemder som kvar dag tek imot og skaper opplevingar for tusenvis av gjester.
Entrii er hovudsatsinga vår – ei moderne plattform for billettsal, booking, arrangement og administrasjon av opplevingar. I tillegg utviklar og driftar vi andre digitale produkt og tenester, og byggjer integrasjonar som knyter saman billettsystem, betalingsløysingar, kassasystem, tilgangskontroll og andre sentrale delar av den digitale kundereisa.
Vi held til midt i Sogn, i ein av dei sterkaste reiselivsregionane i Noreg. Her har vi nokre av landets mest besøkte reisemål og opplevingsaktørar i nærleiken, og får sjå på nært hald korleis teknologi fungerer når ho møter den verkelege kvardagen til både gjester og dei som jobbar i næringa.
Vi er eit lite teknologiselskap med korte vegar frå idé til handling, tett kontakt med kundane våre og store ambisjonar for det vi byggjer. Målet er å utvikle teknologi som kan vere med på å forme framtidas reiselivs- og opplevingsnæring.
- Sted: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Internettbaserte tjenester, Museer, gallerier og kulturminne, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Produktledelse, Prosjektledelse
Nøkkelord
reiseliv, opplevelsesnæringen, teknologi, digitalisering, produktutvikling
Firmaets beliggenhet
Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474749990
- Sist endret:
- Org.nr.: 995849909Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)