FINNJobbSøkVestlandVoss
Bilde fra arbeidsgiver
Voss Sparebank logo
Voss Sparebank
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Voss
  • Søknadsfrist 20.9.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Rådgivning og salg til bedriftskunder, kredittvurdering, oppfølging av egen kundeportefølje og nettverksbygging på Voss.

Kvalifikasjoner

  • Høyere utdanning innen økonomi
  • Tidlig i karrieren eller nyutdannet
  • Interesse for eller erfaring fra finans, regnskap eller revisjon
  • God til å skrive nynorsk, eller villig til å lære
  • Motivert for å ta autorisasjon i kredittfaget (FinAut-autorisasjon er et pluss)

Hva vi tilbyr

  • Rådgiverrolle med ansvar og tillit
  • Moderne lokaler midt i Voss sentrum
  • Eget treningsrom
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

Likar du å arbeida med folk, økonomi og ha gode kundemøte?
Er du typen som ser ei oppgåve som må gjerast, og berre gjer det?
Då vil me gjerne høyra frå deg.

Voss Sparebank er ein sjølvstendig lokal sparebank med 28 tilsette.

Me kjenner kundane våre, me kjenner kvarandre – og me likar å gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva.

No ser me etter ein ny kollega som skal vera rådgjevar for bedriftsmarknaden
på Voss og nærområdet vårt.

Hjå oss får du ikkje berre kontorpult, stol og PC i moderne lokale.
Du får høve til å bli kjend med verksemdene i lokalsamfunnet, forstå kva dei driv med og vera ein viktig sparringspartnar når dei skal investera, utvikla seg eller ta nye steg.

Ingen dagar er like. Nokre dagar sit du fordjupa i ein kredittsak. Andre dagar er du ute og møter ein kunde, diskuterer investeringar over ein kaffikopp eller finn ut korleis me kan hjelpe ei lokal bedrift vidare.

Om du trivst med ansvar, relasjonar, tykkjer om samfunnsoppdraget vårt og likar at  arbeidsinnsatsen din vert opplevd som meiningsfull. Då er dette kanskje ei stilling for deg?

Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar på bedriftsmarknaden får du ansvar for eiga kundeportefølje.
Du vil mellom anna:

  • Rådgje og selja banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye bedriftskundar – kreditt, forsikring, leasing, pensjon og sparing/plassering

  • Følgja opp og utvikla gode kunderelasjonar

  • Vurdera kreditt, utarbeida og presentera kredittsaker

  • Vera ein aktiv sparringspartnar for kundane våre og forstå behova deira

  • Oppsøkja nye kundar og byggja nettverk i næringslivet

  • Samarbeida med kollegaer i heile banken for å finne gode og heilskaplege løysingar

Kvalifikasjonar

  • Du har høgare utdanning innan økonomi.

  • Du er tidleg i karrieren, eller er nyutdanna.

  • Det er òg fint om du har interesse for, eller erfaring frå finans, rekneskap
    eller revisjon.

  • Du har interesse for lokalt næringsliv.

  • Du er god til å skriva nynorsk eller villig til å læra det.

  • Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut.
    Om du ikkje har det, må du på sikt vera motivert for å gjennomføra autorisasjon i kredittfaget.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å snakka med folk og skapa tillit.

  • Du er nysgjerrig på bedrifter, menneske og økonomi.

  • Du kan analysere tal, men også forstå menneska bak tala.

  • Du ser kva som må gjerast og tek i eit tak når det trengst.

  • Du trivst med kundekontakt og nettverksbygging.

  • Du er ein god kollega som ser dei rundt deg,

Me tilbyr

  • Mange gode og dyktige kollegaer og ein triveleg arbeidsplass.

  • Ei rådgjevarrolle med både ansvar og tillit.

  • Flotte og moderne lokale midt i Voss sentrum.

  • Eige treningsrom – fordi me trur det er viktig å ta vare på både hovud og kropp.

Om Voss

Her har du kort veg til fjell, ski, sykling, fjord og andre friluftsaktivitetar – samstundes  som Voss har eit rikt idretts- og kulturliv gjennom heile året.
For deg som likar å vere aktiv, møte folk og ha naturen tett på, er Voss ein fin plass å både bu og jobba.

Om Voss Sparebank

Her kan du lesa meir om banken :
www.vossabanken.no

 

Spørsmål

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Leiar bedriftsmarknad Kurt Arild Midtun: 479 30 327

Banksjef Jørund Rong: 479 30 335

Ynskjer du å bli vår nye rådgjevar for bedriftsmarknaden på Voss, sender du ein kortfatta søknad med CV til Voss Sparebank på e-post: kam@vossabanken.no  (mrk: «Bedriftsrådgjevar» i emnefeltet) eller bruk søknadsskjemaet på Finn.no.

Søknadsfrist er 20.09.2026

Ferdigheter

  • Finans og forsikring
  • Kreditthåndtering
  • Lånevurdering
  • Nynorsk
  • Salg av finansielle produkter

Om arbeidsgiveren

Voss Sparebank vart etablert i 1843.
Sidan starten og fram til i dag, har banken utvikla seg til ein moderne bank som tilbyr eit vidt spekter av produkt og tenester innanfor daglegbank, finansiering, sparing og forsikring.

  • Sted: Vangsgata 18, 5700 Voss
  • Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Salg

Nøkkelord

rådgjeving, bedriftsmarknad, økonomi, nynorsk, nettverksbygging

Spørsmål om stillingen

KA

Kurt Arild Midtun

Leiar bedriftsmarknad

47 93 03 27Kopier telefonnummer 47 93 03 27

Firmaets beliggenhet

Vangsgata 18, 5700 Voss

Kart
Søknadsfrist: 5 dager igjen

21 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Voss Sparebank

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475462026
  • Sist endret: 11.9.2026, 13:15
  • Org.nr.: 937897286Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse