IT-konsulent
- Søknadsfrist 2026-09-18
- Sektor Privat
IT-konsulent
Sognenett er i vekst og søkjer ein framoverlent og løysingsorientert IT-konsulent. Du blir ein viktig del av driftsmiljøet som leverer stabile, sikre og brukarvenlege tenester til kundane våre. Rolla kombinerer teknisk problemløysing, kundeoppfølging, tenesteleveranse og prosjektarbeid.
Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å finne løysingar og kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske kundar. Du må vere nysgjerrig på ny teknologi, strukturert i arbeidsforma og oppteken av kvalitet.
Om Sognenett
Sognenett er eit lokalt teknologiselskap som leverar breiband, IT-tenester og kommunikasjonsløysingar til privatkundar, bedrifter og offentlege verksemder i heile Sogn. Med lokal tilstadevering, høg kompetanse og eit sterkt fagmiljø, driftar og utviklar me fibernettet i regionen og sørger for at kundane våre får teknologien til å fungere i praksis.
Sognenett har kontor både i Sogndal, Gaupne og Vik, og er ein del av Sognekraft-konsernet.
Arbeidsoppgåver
- Handtere og løyse kundesaker på 2. linje
- Levere tenester hovudsakeleg innan administrert IT og administrert nettverk
- Feilsøke på t.d klientar, brukarkontoar, tilgangar, applikasjonar og endepunkt
- Delta i prosjekt
- Samarbeide med 1. linje og andre fagmiljø
- Bidra til standardisering, dokumentasjon, kunnskapsdeling og kontinuerleg forbetring av leveransane våre
Kompetanse me ser etter
Me ser gjerne at du har erfaring eller relevant kompetanse innan fleire av områda under. Du treng ikkje kunne alt frå første dag, men du bør ha eit godt teknisk grunnlag og motivasjon for å lære.
- Microsoft 365; tilhøyrande program/apper og struktur
- Microsoft Entra ID, identitets- og tilgangsstyring
- Klientdrift og endepunktadministrasjon
- Administrerte IT-tenester, inkludert overvaking, vedlikehald, backup, sikkerheitsløysingar, antivirus og brukarstøtte
- Grunnleggjande forståing for IT-sikkerheit
- Saksbehandling i supportsystem og dokumentasjon
Fordel også om du har:
- Nettverksforståing, t.d TCP/IP, VLAN, Wi-Fi, switching, routing og brannmur
- Erfaring med feilsøking og drift av nettverksutstyr, aksesspunkt og kundeløysingar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan IT/IKT, drift, nettverk eller liknande. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Praktisk erfaring frå IT-drift, servicedesk og/eller teknisk kundestøtte er ønskjeleg.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og evne til å forstå teknisk dokumentasjon på engelsk.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt og hyggeleg i møte med kundar
- Du arbeider strukturert, tek eigarskap til saker og følgjer dei heilt i mål
- Du er løysingsorientert og held hovudet kaldt når noko hastar
- Du samarbeider godt, deler kunnskap og bidreg positivt i teamet
- Du er lærevillig og held deg oppdatert på teknologi og fag
Me tilbyr
- Ein variert kvardag med ansvar og sjølvstende
- Eit sterkt og tverrfagleg miljø innan IT, ISP og nettverk
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke arbeidsmetodar og kundeløysingar i eit selskap i utvikling
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar og lokal forankring
- Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar
Praktisk informasjon
Stilling: IT-konsulent, 100% fast stilling
Team: Teknisk avdeling - Drift
Arbeidsstad: Sogndal, Vik eller Gaupne
Søknadsfrist: 18. september
Kontakt og søknad
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte:
Eskil Nondal Sundsøy
Driftsansvarleg
Telefon: 99468502
E-post: eskil.sundsoy@sognenett.no
Ferdigheter AI-generert
- Antivirus
- ICT Security
- Microsoft 365
- Service desk (ICT)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Internettbaserte tjenester, IT, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support, Konsulent
Nøkkelord
2. linje support, IT-drift, Prosjekt, IT-support, IT
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 475437045
- Sist endret:
- Org.nr.: 991955690Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)