FINNJobbSøkVestlandSogndal
Bilde fra arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune logo
Vestland fylkeskommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Rådgjevar privatarkiv

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Leikanger
  • Søknadsfrist 17.09.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Rådgjeving, saksførebuing, ordning og formidling av privatarkiv i Vestland fylkeskommune, med arbeidsstad på Leikanger.

Kvalifikasjoner

  • Mastergrad innan arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap eller tilsvarande
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål og nynorsk
  • Førarkort for personbil
  • God digital kompetanse og gjerne erfaring med Asta, Arkivportalen eller Digitalarkivet
  • Erfaring frå arkivsektoren, prosjektarbeid eller offentleg sakshandsaming er ein fordel

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsstad i nyrenoverte kontorlokale og nytt arkivbygg på Leikanger
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Rådgjevar privatarkiv

Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.

Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.

Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.


Arbeidsoppgåver

  • Arkivfagleg rådgjeving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland
  • Politisk saksførebuing
  • Ta del i arbeidet med å realisere Temaplan for privatarkiv i Vestland 2025-2029, og utøving av Vestland fylkeskommune si rolle som regionalt koordinerande organ for privatarkiv
  • Initiere og følgje opp samarbeid med frivillig sektor, så vel som anna offentleg – privat samarbeid kring bevaring av arkiv og dokumentasjon frå privat sektor
  • Delta i formidlings-, utviklings- og bevaringsprosjekt i fylkeskommunen
  • Handsaming av publikumsførespurnader
  • Synfaring, innhenting, ordning og katalogisering av arkiv
  • Mediekonvertering av kjeldemateriale
  • Ta del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.


Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap med fleire
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • God digital kompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Førarkort for personbil

Det er ein fordel om du også har

  • Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren
  • Erfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med offentleg sakshandsaming
  • Kompetanse innan vern av digitalt skapte privatarkiv
  • Sans for systematikk og gode analytiske evner

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsstad Leikanger i attraktive nyrenoverte kontorlokale og nytt arkivbygg.

Ferdigheter
AI-generert

  • Arkiv
  • Arkivarbeid
  • Arkivkunnskap
  • Katalogisere

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
  • Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Saksbehandler

Nøkkelord

Rådgjevar, Privatarkiv, Immateriell kulturarv, Kulturarv, Kulturhistorie

Spørsmål om stillingen

ES

Elin Storøstevik

leiar

97 65 36 07Kopier telefonnummer 97 65 36 07

Firmaets beliggenhet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Kart
Søknadsfrist: 2 dager igjen

1595 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
Heimeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475350156
  • Sist endret: 2.9.2026, 09:33
  • Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse