Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Avdelingsleiar

Vestland fylkeskommune

  • Søknadsfrist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Avdelingsleiar/skuleårsplanleggar

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir om skulen på htttps://www.arstad.vgs.no

Til leiargruppa søkjer vi etter ein tydleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (InSchool) og skuleårsplanlegginga. Du jobbar tett saman med ein annan leiar om denne oppgåva. Stillinga er ledig frå 15.10.26 eller så snart som mogleg.


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du særleg arbeide med:

  • Overordna ansvar for skuleårsplanlegging og drift av InSchool
  • Fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa innanfor eit eller fleire fagområder
  • Personal- og økonomiansvar
  • Utvikling av undervisninga i samsvar med Fagfornyinga, Mål og stategiar for vidaregåande opplæring i Vestland og skulen sin utviklingsplan
  • Undervisning kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i vidaregåande skule

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i skuleadministrative system eller andre digitale system
  • Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis
  • Vidareutdanning innan leiing

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert
  • Du evner å sjå heilskap og kan finne løysingar som kjem alle til gode
  • Du trivs å arbeide med tal og system
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du set elevane si lærling, trivsel og gjennomføring fyrst
  • Du er ein tydleg, trygg og open leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Du er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement
  • Eit spanande, godt fagleg og sosial arbeidsmiljø med variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Andre opplysningar:

Tilsetjinga vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Ferdigheter
AI-generert

  • Timeplanlegging (undervisning)

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Avdelingsleiar, Skuleårsplanlegging, Økonomi, Personalansvar

Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kari Danielsen
  • Stillingstittel: rektor
  • Mobil: 99 47 98 32
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1587 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 468496653
    • Sist endret 30.6.2026, 10:49
    Rapporter annonse