Nyutdanna og klar for utfordringar? Bli rekneskapskonsulent i Helse Førde!
Rekneskap, Helse Førde
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi styrkjer laget vårt med to nye medarbeidarar – ein i fast stilling og ein i vikariat.
- Fast stilling frå 01.04.2026
- Vikariat i perioden 01.06.2026 - 31.05.2027
Hos oss får du ein meiningsfull jobb midt i hjartet av helsevesenet, med gode utviklingsmoglegheiter og eit inkluderande arbeidsmiljø.
🧩 Om stillinga
Rekneskap er ein av to seksjonar i Økonomiavdelinga i Helse Førde, og består i dag av 12 tilsette. Vi har ansvar for korrekt og påliteleg rekneskap til rett tid. Vi samarbeider tett med leiarar og klinikkar i Helse Førde og med dei andre foretaka i Helse Vest. Hos oss får du høve til å utvikle deg innan rekneskapsføring og digitale løysingar, med tilgang til kurs og fagnettverk i Helse Vest. Du får ein moderne, digital kvardag med SAP og integrerte system og vi sørgjer for god opplæring frå første dag.
Ber om at det i søknaden blir opplyst kva stilling du søkjer på, eventuelt om begge stillingane er av interesse.
Velkommen til oss i Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Generelle rekneskapsoppgåver som inn- og utbetalingar, manuelle bilag og avstemmingar
- Gjennomføring av rekneskapsprosessar i SAP og integrerte system
- Bidra ved månads- og årsavslutning med avsetningar og klargjering til rapportering
- Brukarstøtte og kundekontakt knytt til fakturahandtering, purring og utfakturering
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan økonomi/rekneskap, minimum bachelornivå
- Nyutdanna og/eller med inntil fem års arbeidserfaring
- Gode IT-kunnskaper - kjennskap til SAP er ein fordel
- God rekneskapsforståing
- Gode norskferdigheter, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, nøyaktig og lærevillig
- Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
- Engasjert og oppteken av kunnskapsdeling
Kvifor skal du velge oss ?
- Ei spennande stilling med fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Solheimsnes Vindheim, Regnskapssjef, +47 578 39 016Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5048819361
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 18.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442899759
- Sist endret