Senior økonomikonsulent
ECIT Services AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Erfaren innan rekneskap? Vi vil gjerne ha deg med på laget
ECIT Services AS søkjer ein fagleg sterk og engasjert senior økonomikonsulent som vil ta ansvar for eiga kundeportefølje og bidra til gode løysingar for kundane våre. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og moglegheit til å utvikle deg vidare i eit solid fagmiljø.
Vi har kontor i Førde og Florø, og er lokalt ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet vårt Progresso AS. Til saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. ECIT Services har høg kundetilfredsheit og eit godt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre.
Auka pågang frå nye kundar gjer at vi no ønskjer å styrkje laget. Kundeporteføljen vår er variert og gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping og brei erfaring. Vi søkjer ein lagspelar som ønskjer å bidra til vidare vekst og utvikling - både hos oss og hos kundane våre.
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Ansvar for eiga kundeportefølje
Løpande rekneskap og rapportering
Årsoppgjer og skattemelding
Deltaking i større rekneskapsoppdrag
Rådgjeving og dialog med kundar
Vidareutvikling av leveransar og tenester til eigen portefølje
Fagleg støtte og kvalitetssikring internt
Moglegheit for spesialisering innan bransje, deltaking i nasjonale oppdrag eller kortare utleigeoppdrag hos kundar
Dette kan vi tilby deg
I ECIT Services brukar du erfaringa di både i rekneskapsarbeid og i rådgjeving mot kundane, og du får høve til å bidra i utviklinga av tenestene våre. Du vert ein del av ei verksemd som satsar på moderne, effektive og digitale løysingar. Vi ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld utvikling av arbeidsprosessar og teknologi, og du vil få ta del i dette arbeidet.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.
Kven er du?
Som person trur vi at du er engasjert, nøyaktig og opptatt av å skape gode relasjonar – både til kundar og kollegaer. Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og du tek initiativ når du ser rom for betring eller utvikling. Du har ei naturleg interesse for faget, held deg oppdatert og ønskjer å bidra positivt til arbeidsmiljøet rundt deg.
Vi ser for oss at du har:
Erfaring innan rekneskap og/eller revisjon
Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon, til dømes siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
God kjennskap til regelverk og fagområde
God evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte
God systemforståing og trygg i bruk av digitale løysingar
Trivst med kundekontakt og jobbar proaktivt for å avdekke kunden sine behov
Delingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt fagmiljø
Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje eit krav
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Ferdigheter
- Autorisert regnskapsfører
- Regnskap a-å
- Revisjon
- Skattemelding
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ECIT Services AS er ein del av ECIT-konsernet - eitt av Nordens største teknologi- og økonomihus. ECIT har over 2 600 medarbeidarar og ei årleg omsetning på fleire milliardar kroner. Konsernet leverer tenester innan rekneskap, løn, rådgiving, IT og forretningsløysingar, samla på éin stad for å gjere kvardagen enklare for kundane våre.
Lokalt i Florø og Førde er ECIT Services ein del av eit sterkt kompetansemiljø saman med søsterselskapet Progresso AS. Her finn du engasjerte fagpersonar som samarbeider tett, deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi legg stor vekt på kvalitet, trivsel og balansen mellom arbeid og fritid.
ECIT vart etablert i 2013 og har hatt sterk vekst sidan oppstarten. I dag har konsernet verksemd i mellom anna Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Tyskland, Polen og Storbritannia. Trass i storleik og vekst er vi opptekne av lokalt nærvær, entreprenørskap og eigarskap. Kulturen vår er bygd på verdiane integritet, mot, open kommunikasjon og entreprenørskap. Desse verdiane pregar måten vi jobbar på – både internt og saman med kundane våre – og fungerer som ei rettesnor i kvardagen.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 15, 6905 Florø
- Flere arbeidssteder: Langebruvegen 15, 6800 Førde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
regnskap, revisjon, rådgivning, regnskapsbyrå, konsulent
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442542685
- Sist endret