
Banksjef privatmarknad
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 7.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein leiar som skaper energi, retning og framdrift?
Den noverande banksjefen går vidare til ei ny rolle internt, og no søker vi banksjef for privatmarknad i Sunnfjord.
Som banksjef får du ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft. Du blir ein del av eit fagmiljø som vil mykje, og du får høve til å forme retning, kultur og resultat i ein viktig marknad for banken. Du blir også ein sentral del av leiargruppa for privatmarknad.
Dette er ei stilling for deg som har solid erfaring med endringsprosessar og er god med folk. Du trivst med personalansvar og får energi av å skape resultat gjennom god oppfølging, tydeleg retning og smart prioritering. Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå, og du er stødig i økonomi og marknad og forstår korleis dette gir retning og skapar resultat
Du bryr deg om lokalsamfunnet, og i denne rolla jobbar du saman med sponsorata våre og samarbeida våre for å sikre framdrift i regionen vår.
På hovudkontoret i Førde møter du eit sterkt fagmiljø i endring, som er tett på både kundar, kollegaer og retninga banken tek framover. Her får du vere med å utvikle marknaden, styrke rådgjevarlaget og løfte kundeopplevingane dei neste åra. Det er korte vegar til avgjersler, og du jobbar tett med direktør for privatmarknad i saker som gjeld strategi og vidare utvikling. Her er det rom for å prøve nytt, få gjennomslag og skape tydeleg verdi for kundar og kollegaer.
Sentrale arbeidsoppgåver
I denne rolla får du ansvar for drift, utvikling og retning for privatmarknaden i Sunnfjord. Du blir ein operativ leiar som både følgjer opp salsarbeidet og utviklar folk, prosessar og kvalitet.
Ansvar for drift og strategisk utvikling av privatmarknaden
Lede, følgje opp og utvikle medarbeidarane dine
Sikre kvalitet og god internkontroll
Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa for privatmarknad
I tillegg til ei spennande leiarrolle får du dette hos oss
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eignekapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK bevis. Du får funksjonærlån med god rente og gode vilkår på sparing og forsikring. I tillegg kjem velferdsgoder som leilegheiter og bedriftshytter.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Linda Vøllestad Westbye eller Regine Gausemel.
Vi kontakter aktuelle kandidatar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden. Vi tek likevel ikkje den endelege vurderinga før fristen er ute, slik at alle blir vurderte på same grunnlag.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.
FerdigheterAI-generert
- Ledelse
- Utdanning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Ledelse, Salgsledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ledelse, Bank, Kunderådgivning, Personal, Banksjef
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440338153
- Sist endret

