Senior økonomikonsulent
Progresso AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Erfaren innan rekneskap? Vi vil gjerne ha deg med på laget
Progresso AS søkjer ein fagleg sterk og engasjert senior økonomikonsulent som vil ta ansvar for eiga kundeportefølje og bidra til gode løysingar for kundane våre. Hos oss får du ei rolle med fagleg breidde og moglegheit til å utvikle deg vidare i eit solid fagmiljø.
Vi er i dag 11 engasjerte kollegaer som held til i moderne lokale på Horne Brygge i Florø. I same bygg finn du søsterselskapet vårt, ECIT Services – saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. Progresso har høg kundetilfredsheit og eit sterkt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre.
Auka pågang frå nye kundar gjer at vi no ønskjer å styrke laget. Kundeporteføljen vår er variert og gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping og brei erfaring. Vi søkjer ein lagspelar som ønskjer å bidra til vidare vekst og utvikling - både hos oss og hos kundane våre.
Sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver
Ansvar for eiga kundeportefølje
Løpande rekneskap og rapportering
Årsoppgjer og skattemelding
Deltaking i større rekneskapsoppdrag
Rådgjeving og dialog med kundar
Vidareutvikling av leveransar og tenester til eigen portefølje
Fagleg støtte og kvalitetssikring internt
Moglegheit for spesialisering innan bransje, deltaking i nasjonale oppdrag eller kortare utleigeoppdrag hos kundar
Dette kan vi tilby deg
I Progresso brukar du erfaringa di både i rekneskapsarbeid og i rådgjeving mot kundane, og du får høve til å bidra i utviklinga av tenestene våre. Du vert ein del av ei verksemd som satsar på moderne, effektive og digitale løysingar. Vi ønskjer å vere i førarsetet når det gjeld utvikling av arbeidsprosessar og teknologi, og du vil få ta del i dette arbeidet.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.
Kven er du?
Som person trur vi at du er engasjert, nøyaktig og opptatt av å skape gode relasjonar – både til kundar og kollegaer. Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og du tek initiativ når du ser rom for betring eller utvikling. Du har ei naturleg interesse for faget, held deg oppdatert og ønskjer å bidra positivt til arbeidsmiljøet rundt deg.
Vi ser for oss at du har:
Erfaring innan rekneskap og/eller revisjon
Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon
God kjennskap til regelverk og fagområde
God evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte
God systemforståing og trygg i bruk av digitale løysingar
Trivst med kundekontakt og jobbar proaktivt for å avdekke kunden sine behov
Delingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt fagmiljø
Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje eit krav
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Ferdigheter
- Kundeportefølje
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Rapportering
- Revisjon
- Skattemelding
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Progresso AS vart etablert i 2003 og har for tida 11 tilsette i Florø. Progresso er ein del av ECIT, eit av Nordens største teknologi- og økonomihus med 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 4 milliardar. Vi tilbyr ei komplett pakke innan økonomi og IT, og arbeider kvar dag for å gjere det enklare for kundane våre å drive selskapa sine. Entreprenørskap er viktig for oss, og du møter ein partnar uansett kva kontor du besøker. Vi meiner den lokale kunnskapen, engasjementet og tilstadeveret er viktig for å skape eit engasjerande arbeidsmiljø, og for at kundane våre skal lukkast. Vi satsar på utvikling av medarbeidarane våre, og det finst gode moglegheiter for å realisere karrieremåla dine hos oss. Sidan selskapet vart etablert i 2013, har vi vakse til eit konsern med kontor i Noreg, Sverige, Danmark, England, Polen, Litauen, Tyskland, Finland og Island. ECIT er framleis eit ungt selskap med store vekstambisjonar, og som medarbeidar hos oss får du vere med på den spennande reisa.
Bedriftskulturen vår er prega av verdiane våre: Integritet, Mot, Open kommunikasjon og Entreprenørskap. I ECIT brukar vi verdiane våre for å nå dei strategiske måla våre. Dei fungerer som rettesnora vår og rettleier oss i både store og små val.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandgata 15, 6905 Florø
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
økonomikonsulent, Regnskap, Revisjon, Rådgivning, kundeportefølje
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442544330
- Sist endret
