Er du vår nye biblioteksjef?
Kultur, Gloppen kommune
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen - Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter ein engasjert biblioteksjef som vil vidareutvikle det gode bibliotektilbodet vi har i kommunen.
Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med sin samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 – 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!
Som biblioteksjef får du ein variert og meiningsfull kvardag, med ansvar for å drifte og vidareutvikle bibliotektilbodet i kommunen. Folkebiblioteket si overordna rolle er å bidra til kulturformidling, demokratiutvikling og tilgang for alle, og er sentralt for biblioteket sitt breie samfunnsoppdrag. I jobben som biblioteksjef får du høve til å påverke og realisere idear som stettar dette.
På biblioteket vårt vert det skapt leseglede for dei alle minste til folk i alle alder. Vi har godt samarbeid med lag- og organisasjonar om ulike arrangement og foredrag på biblioteket. Eksterne tilskotsmidlar og prosjektarbeid er også ein viktig del av biblioteksjefen sin kvardag for å vidareutvikle bibliotektilbodet vårt.
Gloppen folkebibliotek har i dag 2,7 årsverk, og fungerer som skulebibliotek for Firda vgs med elevar og lærarar. Biblioteksjefen inngår i kultureininga si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for drift og utvikling av biblioteket
- Vidareutvikle biblioteket som ein lågterskel møteplass og ein synleg kulturaktør i lokalsamfunnet
- Vere pådrivar for utviklingsarbeid og samskaping med andre aktørar
- Tverrfagleg samarbeid lokalt og interkommunalt
- Vere del av turnus på skrankevakt
Kvalifikasjonar
- Godkjent bibliotekfagleg utdanning i tråd med folkebiblioteklova § 5
- Det kan søkjast om dispensasjon frå kravet om fagutdanna biblioteksjef dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
- Erfaring frå arbeid i bibliotek eller tilsvarande er ein fordel
- God kjennskap til litteratur og digital kompetanse
- God i både skriftleg og muntleg framstilling, samt beherske engelsk godt
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein biblioteksjef som
- er engasjert i å vidareutvikle biblioteket som møteplass for litteratur, kunnskap og kulturformidling
- er omstillingsdyktig og serviceinnstilt
- er ein engasjert formidlar innan litteratur
- jobbar systematisk og løysningsorientert
- har gode samarbeidsevner både internt og eksternt, og byggjer gode relasjonar
- bidreg til heilskapleg tenesteutvikling i leiarteamet på kultur, idrett og fritid
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass i eit moderne bibliotek som ligg i eit pulserande miljø i Kulturhuset Trivselshagen.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Birte Fossheim, Kultursjef, +47 924 77 248
Arbeidsstad
Firdavegen 21
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5046216024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439086057
- Sist endret