Rådgjevar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
- Frist 15.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å legge til rette for framtidas nærbutikkar?
Om stillinga
Distriktssenteret søkjer ein engasjert rådgjevar som vil bidra til utvikling av Merkur-programmet – eit av våre mest treffsikre verkemiddel for bygdeutvikling.
Du får støtte lokal innovasjon og sikre gode tenester der folk bur og jobbe tett på framtidas nærbutikkar.
Som rådgjevar i Merkur-programmet får du ein viktig rolle i arbeidet med å sikre at støtteordningane treffer rett fagleg og geografisk. I tillegg til saksbehandling, vil du jobbe mykje med å gi råd til butikkar og konsulentar gjennom å følgje opp tilsegn om støtte.
Du får arbeidsstad på Leikanger i Sogndal, og blir del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.
Som rådgjevar vil du jobbe mykje med å
Sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar.
Gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane.
Følge opp tilsegn om støtte.
Følge opp budsjett for Merkur-området.
Etablere og følgje opp rutinar for saksbehandling og rapportering.
Avstemmings- og kontrolloppgåver.
Vi ser etter deg som
har økonomi- og/eller jusutdanning, minimum på bachelornivå. I særskilde tilfelle kan erfaring kompensere for utdanningskravet.
har minimum 3 års relevant erfaring.
er kjent med å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI.
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
Personlege eigenskapar vi legg vekt på
Du er nøyaktig og strukturert.
Du er løysingsorientert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
Du har god vurderingsevne og evnar å sjå moglegheiter.
Du er sjølvstendig, og jobbar godt saman med andre.
Du møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
I Distriktssenteret får du
konkurransedyktig løn
fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman.
fagleg utvikling, arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag.
trening i arbeidstida.
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar.
Meir om Merkur-programmet og Distriktssenteret
Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.
Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomisk støtte som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som følgjer opp 560 butikkar i heile landet.
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet, med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Gjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.
Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!
Ferdigheter
- Bruke verktøy
- Budsjettoppfølging
- Controlling
- Microsoft Excel
- Power BI
- Rapportering
- Saksbehandle søknader
Om arbeidsgiveren
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet, med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Gjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6863 Leikanger
- Bransje: Butikk og varehandel, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
rådgjevar, merkur programmet, økonomi, saksbehandling, rådgjeving
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439127220
- Sist endret
