Seniorrådgivar
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 06.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med teknologi og kvalitetssikring på pengespelfeltet?
Likar du å jobbe med digitale tenester og synest det er spennande å løyse problem i både eksisterande og nye løysingar? Då er du kanskje den vi leitar etter!
Vi har ei nyoppretta fast stilling som skal bidra til å styrkje kompetansen vår i skjæringspunktet mellom teknologi, kvalitetssikring og pengespelområdet. Du vil få ei viktig rolle i å støtte opp under dei regulatoriske prosessane på pengespelområdet ved mellom anna å følgje teknologiske trendar, gjennomføre programvaretesting og bidra i leverandørstyring.
Hos oss får du eit meiningsfylt samfunnsoppdrag, varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø.
Høyrast dette spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er delt mellom fagavdelinga for pengespel og stabsavdelinga for IT og dokumenthandtering, men du vil vere organisatorisk plassert i IT og dokumenthandtering (ca. 20 tilsette). Her vil du jobbe tett med både fagmiljøet og utviklingsmiljøet i organisasjonen, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi arbeidar.
På pengespelområdet er teknologiforståing og kjennskap om rammeverk for testmetodar viktig for å sikre kvalitet og etterleving av regelverket. Du vil bidra med innsikt i kva krav ein bør stille til pengespelselskapa innan teknologi og testing, og korleis vi bør innrette tilsynsarbeidet på dette området. Du vil dermed vere ein viktig del av arbeidet med å styrkje kompetansen i heile organisasjonen på dette feltet. Dette inkluderer samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.
På IT-området vil du få ansvar for å etablere eit testregime for interne system og få moglegheita til å bidra i prosjektleiing av teknologiprosjekt. Du vil òg halde deg oppdatert på ny teknologi, då særleg med fokus på pengespelområdet.
Det må påreknast noko reiseverksemd i stillinga.
Dette ser vi etter
Vi ser etter deg med relevant erfaring og utdanning på bachelornivå. Dersom du har solid erfaring frå teknologiarbeid og kan vise til gode resultat, kan dette kompensere for utdanningskravet. Vi ser primært etter kandidatar med:
- Erfaring frå både testing og prosjektleiing, som trivst i eit miljø der fag og teknologi verkar saman
- Trygg på å leie arbeid knytt til testing av applikasjonar og system, og beherskar planlegging, dokumentasjon og utvikling av ein heilskapleg teststrategi
- Kjennskap til smidige utviklingsmetodar og forståing for korleis teknologi kan nyttast for å utvikle og forbetre tilsynsarbeidet på pengespelområdet
- Kompetanse i å lese og forstå teknisk dokumentasjon, arkitektur og andre tekniske avhengigheiter
- Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Kombinerer nysgjerrigheit for teknologi med ein sans for kvalitet og struktur
- Trivst med å sette deg inn i og formidle komplekse problemstillingar på ein pedagogisk og presis måte
- Er strukturert, nøyaktig og fleksibel i måten du jobbar på
- Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig
Kvifor velje oss?
Her får du ein spennande, utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø – samtidig som du får ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning.
Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Verd å merke seg
Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som seniorrådgivar stillingskode 1364.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
FerdigheterAI-generert
- Bruk av Agile-metodikk
- Dokumentasjon
- Programvaretesting
- Teknisk dokumentasjon
- Testprosedyrer
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Utvikler, Kvalitetssikring, Programvaretesting, Digitale tjenester, Førde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441004965
- Sist endret
