Psykologspesialist
Helse Bergen HF
- Frist 30.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 166 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.
Vi søker psykologspesialist til allmennpsykiatrisk poliklinikk på Tertnes 🔹Er du ein engasjert psykologspesialist som ønsker å bidra i eit sterkt fagmiljø med breitt behandlingstilbod og godt kollegialt fellesskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes i Åsane har vi ledig stilling som psykologspesialist. Ein av våre erfarne kollegaer går av med pensjon, og vi søker deg som vil vere med å vidareføre og utvikle det gode behandlingstilbodet vårt.
🌿 Om poliklinikken
Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Vi er ein stor og velfungerande eining med eit mangfaldig og spesialisert tilbod. Hos oss finn du:
To allmennteam
DBT-team (eit av dei lengstlevande i Noreg)
MBT-team
Angst- og depresjonsteam
Team for spiseforstyrringar
ROP-team
Familieteam
Nevroteam
Søvnteam
Traumeteam
Akutt ambulant team
I tillegg har vi ei spennande gruppeavdeling med samtalegrupper, uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Knarvik om fleire av dei spissa tilboda.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av tilviste pasientar individuelt og i gruppe innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Rettleiing og tett samarbeid med andre
- Forvalting av tvang etter lov om psykisk helsevern
- Søkers kvalifikasjoner og interesser kan påvirke arbeidsoppgavene
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som er Spesialist i klinisk vaksenpsykologi eller i barne- og ungdomspsykologi
- Du må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Psykolog i spesialisering kan også være aktuell
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har eit sterkt fagleg engasjement og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Verdset tverrfagleg samarbeid og pasientnært arbeid
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Variert og spennande arbeid i eit breitt behandlingstilbod
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Sentral arbeidsplass med god kollektivdekning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Barnepsykiatri
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Klinisk psykologi
- Pasientbehandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialist, psykolog, Bjørgvin, psykologspesialist, poliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435563280
- Sist endret


