
Psykologspesialist
Helse Bergen HF
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist - Lokal sikkerheit
Klinikk sikkerheitspsykiatri er ein psykiatrisk spesialklinikk for personar med alvorleg sinnsliding og betydeleg risiko for valdeleg åtferd overfor andre, eventuelt med kompliserande tilleggsproblem som til dømes alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. Klinikk Sikkerheitspsykaitri består i dag i 5 seksjonar; Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdling, Sikkerhetspoliklinikk, Seksjon fengselhelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettpsykiatri.
Frå april 2026 blir det etablert det ytterlegare ein lukka sengepost, Lokal sikkerheit og rehabilitering. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for Sandvikenområdet, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod. Med den nye sengeposten og dagens lokal sikkerheitsavdeling er målet å utvikle eit framtidsretta og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar med samansette behov.
Vi søker no psykologspesialist i 100% fast stilling ved Lokal sikkerheitsavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Inngå i tverrfaglege team kor utgreiing, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar blir gjennomført i tråd med overordna krav og nasjonale føringar
- Vere ansvarleg for vedtak etter psykisk helsevernlova
- Gjere utgreiing av risiko for vald
- Yte psykologfagleg rettleiing og bistand i dei tverrfaglege teama ved sengeposten, med særleg fokus på miljøterapeutisk tilnærming
- Delta og bidra i utviklingsarbeid
- Ha utstrekt samarbeid i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
- Bidra med undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og annan spesialisthelseteneste
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
- Det kan bli aktuelt å ha utgreiings-og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Psykologspesialist med godkjent spesialitet innan vaksenpsykologi
- Vedtakskompetanse i samsvar med psykisk helsevernloven
- Erfaring frå døgnpost, rehabilitering og/eller arbeid med samansette pasientforløp er ønskjeleg
- Dokumentert interesse for rehabilitering, utviklingsforstyrringar og/eller rettspsykiatriske problemstillingar er ein fordel
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, inkluderande og har eit godt lag med folk
- Du har evne til å inspirere, rettleie og engasjere medarbeidarar
- Du kommuniserer godt og bygg tillit i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst i tverrfaglege team og meistrar høgt tempo og krevande situasjonar
- Du er strukturert, målretta og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg lett nye situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og held deg roleg og profesjonell under press
- Du viser respekt, empati og profesjonalitet i møte med pasientar
- Du har eit sterkt engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du bidrar aktivt til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- Personlege eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
- Samarbeid med erfarne spesialistar og tverrfaglege team
- Moglegheit til å bidra til utvikling av miljøterapi og heilskaplege pasientforløp
- Høve til å delta i systematisk utviklingsarbeid og forsking
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Klinisk psykologi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, lokal sikkerhet, klinikk sikkerhetspsykiatri, sandviken, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445085972
- Sist endret



