
Psykologspesialist
Helse Bergen HF
- Frist 15.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist ved Øyane DPS
Øyane diskriktspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Vår poliklinikk er i kontinuerleg utvikling og vi søker etter psykologspesialist.
Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 65 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkingsvekst. Vi er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Her finn du to sengepostar (allmennpsykiatrisk seksjon med 8 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar). Vidare har vi psykosepoliklinikk/ FACT og allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutt team.
Ved vår allmennpsykiatrisk poliklinikk tilbyr vi utgreiing og behandling for pasientar med psykisk liding av moderat til alvorleg grad. Vi tilbyr både individuell og gruppebasert behandling. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og arbeidsmiljø, og vi samarbeider om saker i tverrfaglege team. Vi har brei kompetanse med rom for ulike terapeutiske fordjupingar: Vi har kompetanse innan kognitiv terapi, korttidsdynamiske og andre relasjonelt orienterte behandlingsformer, mentaliseringsbasert terapi, traumebehandling og EMDR, CBT-E for spiseforstyrringar, gruppebehandling og medikamentelle behandlingsmetodar. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi legg stor vekt på fagleg utvikling.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
- Deltaking i gruppe
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning
- Gruppe- og undervisningserfaring er ein fordel
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er vand til å halde oversikt og har god ordenssans
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for pasientgruppa og ønsker vere med å vidareutvikle tenesta
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Pasientbehandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 75, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, øyane dps, poliklinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442848222
- Sist endret


