
Psykologspesialist/psykolog
Helse Bergen HF
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Vil du vere med å utvikle ein ny TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel, då er dette rette staden for deg!
I samarbeid med kriminalomsorgen har vi opprettet ein poliklinikk der vi søker etter erfaren psykologspesialist/psykolog som vil vere med å bygge opp eit godt og tilpassa tilbod til målgruppa. Innsette har same krav til utgreiing og behandling som andre borgarar, og dette vil vere eit banebrytande tilbod nasjonalt.
Poliklinikken vil gi tilbod til innsette som ønsker å nytte moglegheita til utgreiing av psykisk helse og starte opp med behandling i form av individualsamtalar og gruppetilbod. Vi treng din kompetanse til å utvikle eit differensiert og godt tilbod.
Forsking viser at innsette i fengsel er overrepresentert av personar med rusliding, sosiale- og psykiske utfordringar, så korleis kan vi bruke fengselet som endringsarena? Vi tenker at dette kan vere starten på eit vidare behandlingstilbod, og poliklinikken vil bidra til samhandling med 1 og 2.linjetenesta for vidare oppfølging etter lauslating.
Rus og avhengigheitsklinikken har ca 600 medarbeidarar og består av seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus og avhengighetsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blandt anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.
Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk er ein eigen seksjon, og vil av praktiske grunnar ligge under Avdeling for LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på 5 poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiar og sosionom.
Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk består av seksjonsleiar, 3 sjuke- og vernepleiarar, 1 psykologspesialist og overlege, og vi vil no tilsette 1 psykologspesialist/psykolog. Psykologar vil ha rettleiing saman med psykologar i øvrige LAR poliklinikkar. Det vil vere eit nært samarbeid med kriminalomsorgen i fengselet, sosionomavdelinga og helseavdeling samt Seksjon for fengselspsykiatri.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling av pasientar med avhengigheit og psykiske tilstander som er under straffegjennomføring etter tilvisning
- Utredning
- Samarbeid om behandlingsplan og oppfølging av pasientar
- Individual og gruppebehandling
- Bidra til utvikling av behandlingstilbod til målgruppen
- Samhandling med interne og eksterne aktører
- Rettleiing internt til medarbeidere og eksternt til samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent psykolog, gjerne med godkjent relevant spesialitet
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern
- Norsk autorisasjon
- Må legge fram merknadsfri vandelsattest
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du må ha motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du er fagleg trygg, kreativ og leiken i tilnærminga. Du arbeider samstundes målretta og strukturert
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivst med å jobbe i nye rammer der ikkje alt er ferdig definert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons og forsikringsordninger
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personlig utvikling
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA bedrift)
- Vidareutdanning og rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Gransking
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, psykolog, TSB poliklinikk, Bergen og Bjørgvin fengsel, rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444746531
- Sist endret



