Økonomimedarbeidar - vikariat
Enivest
- Frist 2025-11-16
- Ansettelsesform Vikariat
Er du ein strukturert og løysingsorientert lagspelar som ønskjer å bidra i økonomiteamet vårt det neste året?
Vi i Enivest søker ein engasjert og strukturert økonomimedarbeidar som kan steppe inn i eit eittårig vikariat frå januar/februar 2026, medan ein av våre medarbeidarar er i permisjon. Du vil bli ein del av innsiktsavdelinga, som består av økonomi, analyse og produkt.
Her vil du samarbeide tett med rekneskapsansvarleg og andre i organisasjonen, og få ansvar for varierte og viktige oppgåver innan økonomistyring og administrasjon. Vi er opptekne av god overlapping og opplæring, og vil legge til rette for ein grundig introduksjon i god tid før permisjonsstart.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområder
Som økonomimedarbeidar vil du jobbe tett med rekneskapsvarleg og saman ha fokus på å sikre høg kvalitet, internkontroll og beste praksis i rekneskapsprosessar, periodeavslutningar og årsoppgjer. Du spelar ei viktig rolle i å sikre stabil dagleg drift ved å halde system og oppgåver oppdaterte, og sørge for at alle saker vert handtert effektivt og presist.
Dine hovudoppgåver kan inkludere:
· Fakturering og kontrollarbeid
· Sakshandtering
· Balanseavstemming
· Behandling av inngåande faktura
· Remittering
· Lønnskøyring og kontakt med vår lønnspartner
· Bidra i årsoppgjer og revisjon
· Prosessforbetring og effektivisering
· Oppfølging av kostnader og interne rapportar
· Bidra i interne prosjekt
Kven er du?
Du er ein sjølvstendig og strukturert person som likar å ha orden i sysakene. Du trivst med tal og detaljar, men har også forståing for korleis økonomi heng saman med drift og strategiske val.
Vi ser for oss at du har:
· Erfaring frå liknande økonomi- eller rekneskapsarbeid
· Utdanning innan økonomi/rekneskap. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
· Gode digitale ferdigheiter, særleg i Excel – erfaring med VB, Semine, Maestro eller liknande system er ein fordel.
· Viser initiativ, er positiv, serviceinnstilt og har evne til å arbeide strukturert både aleine og saman med andre.
· God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Kva får du hos oss?
· Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit framtidsretta teknologiselskap
· Trivelege og dyktige kollegaer som støttar kvarandre
· Kontor i Førde og fleksible løysingar ved behov
· Konkurransedyktig løn og vilkår
· Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt kollektiv bonusordning
· Høve til å vere med på å utvikle eit selskap i vekst
Bli ein del av Enivest
Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit framoverlent miljø med fagleg dyktige kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder.
Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i distriktet, samt leggje til rette for regional vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Stillinga rapporterar til CFO, og arbeidsstaden vil vere på vårt kontor i Førde, med moglegheit for fleksible løysingar.
For ytterligare informasjon kan du kontakte Jan Reidar Kalstad på tlf. 975 44 723, eller Renate Sæterbakken på tlf: 918 61 103
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Fakturering
- Forvaltningskompetanse
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Microsoft Excel
- Remittering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Firdavegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Internettbaserte tjenester, Økonomi og regnskap, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Regnskap
Nøkkelord
økonomi, økonomimedarbeidar, vikariat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435351871
- Sist endret