Controller innkjøp
Lingalaks AS
- Frist 15.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Controller innkjøp til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein strukturert og framoverlent innkjøpar med teft for forretningsutvikling? Har du lyst til å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Om stillinga
Som innkjøpar vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrkje innkjøpsfunksjonen vår. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre for å sikre at selskapet tek strategiske og framtidsretta val. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dette er ei rolle med store utviklingsmoglegheiter, der du vil vere med på å forme morgondagens innkjøpsprosessar og bidra til kontinuerleg forbetring i alle ledd av verdikjeda vår. Rolla rapporterer til CFO og samarbeider tett med vår senior innkjøpar, samt har kontaktflate på tvers av heile organisasjonen.
Dine hovudoppgåver:
Utvikle og følgje opp innkjøpsavtalar og kontraktar
Gjennomføre leverandørevaluering, oppfølging og forbetring
Vurdere og evaluere tilbod, og forhandle fram konkurransedyktige vilkår
Sikre at innkjøpa våre er i tråd med konsernets berekraftsmål, retningslinjer og prosedyrar
Følge opp og vidareutvikle leverandører med fokus på kvalitet, kostnader, risiko og innovasjon.
Fungere som rådgjevar og bindeledd mellom operasjonell drift, teknisk avdeling, økonomi og juridisk for å sikre heilskaplege løysingar.
Me søkjer deg som har:
Evne til å arbeide strukturert og handtere fleire prosessar samtidig
Teknisk interesse og gjerne erfaring frå produksjonsretta næringar.
Erfaring innan innkjøp, enten formelt eller gjennom arbeidserfaring
Sterk forretningssans og gode forhandlingsevner
Gode samarbeidseigenskapar, sjølvstendig og ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Me tilbyr deg:
Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan [dato] og bli med på reisa mot ein berekraftig og innovativ framtid!
Arbeidsstad: Norheimsund og Bergen
Søknadsfrist: 15. April
Ferdigheter
- Anbudsevaluering
- Controlling
- forhandle og administrere kontrakter og avtaler
- Produksjonsprosesser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av matfisk. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa. Ærleg, kvalitet og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon som er å vera ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Me ha produksjon på 16 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14.000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Havbruk, Innkjøpsplanlegging, kontraktshåndtering (utsty og material), leverandør vurdering, controller
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457418027
- Sist endret
