Røkter
Blom Fiskeoppdrett AS
- Frist 30.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Røkter i Austfjorden
Vil du være med å produsere berekraftig mat som vert sendt ut til heile verden? No søkjer me etter ny medarbeidar som kan bidra til å røkte fisk på lokalitetane våre i Austfjorden.
Som røkter hos oss blir du satt til å løyse spennande utfordringar saman med andre røktarar i teamet i Austfjorden. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du får følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land og satt i sjø, videre ut gjennom produksjonen, og fram til slakt, samt alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter eit utsett.
Som røkter vil du kunne få ulike ansvarsoppgåver knytt til produksjon og drift av eit anlegg. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig bistå andre om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!
Me har to lokalitetar i Austfjorden som skal få nyutsatt fisk ila denne sommaren. Lokalitetane heiter Rekeviki og Vikane. Fôring på lokalitetane vert i hovudsak styrt frå ein fôrsentral i Øygarden av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokalitetane og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre.
Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Me trenger fleire som kan være med å løfte dette samarbeidet og styrke dette teamet. Kanskje er du den me ser etter?
Arbeidsoppgåver
- Røkting av ørret
- Drift av eit oppdrettsanlegg
- Planlegge arbeidsoppgåver og løyse ulike utfordringar
- Registrering av data og rapportering
Din kompetanse/erfaring
- Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ønskeleg
- Relevant arbeidserfaring er naudsynt
- Forståelse for biologi og teknologi
Personlege eigenskapar:
- Gode evner til å kommunisere og samarbeide
- Strukturert, sjølvstendig og god på planlegging av arbeid
- Evne til å ta til seg kunnskap og lærdom av andre, samt formidle vidare
Me tilbyr:
- Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
- Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
- Eit godt arbeidsmiljø i vakre Austfjorden
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Fiskeoppdrett
- Generell biologi
- Ørretoppdrett
- Rapportering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Ulvøyvegen 130, 5957 Myking
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Havbruk, Røkter, Ørret, Akvakultur, Aqua
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457524264
- Sist endret


