Dagleg leiar
KVAM ENERGI AS
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie energikonsernet Kvam Energi - eit solid selskap med sterk lokal forankring?
Kvam Energi AS er ein sentral aktør i Kvam og regionen, med ansvar for trygg straumforsyning og utvikling av infrastruktur og tenester. Selskapet har dyktige fagmiljø, høg kompetanse og ein sterk posisjon lokalt. No søkjer vi ein tydeleg, lokal og samlande leiar som vil vere tett på både drift og organisasjon og som kan bidra til å styrke struktur, samhandling og gjennomføringsevne.
Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, utvikling og resultat i selskapet. Dine hovudoppgåver vil være:
- setje retning og sikre god gjennomføring i heile organisasjonen
- vere ein synleg og tilgjengeleg leiar i kvardagen
- vidareutvikle struktur, system og arbeidsprosessar
- styrke informasjonsflyt og samhandling mellom selskapane
- sikre tydeleg leiing og oppfølging av mellomleiarar
- ha eit særleg fokus på HMS, internkontroll og beredskap
- vere ein aktiv del av beredskapsleiinga
- samarbeide tett med styret og bidra i strategisk utvikling
Vi ser deg som har
- erfaring frå leiarrolle med personalansvar
- høgare relevant utdanning
- dokumentert gjennomføringsevne og evne til å skape resultat gjennom andre
- erfaring med organisasjonsutvikling og etablering av struktur og system
- god forståing for økonomistyring
- erfaring med, og er nyfiken på teknologi og KI
- relevant fagleg bakgrunn som gir forståing for drift og tekniske problemstillingar
- erfaring med vedlikehaldsstyring og kjennskap til FDV og korrektiv vedlikehald
Det er ein fordel om du har kjennskap til energibransjen eller annan regulert verksemd.
Vi ønskjer at du vil bidra til å:
- vidareutvikle godt samspel og samhandling på tvers av organisasjonen
- styrke struktur, rolleavklaringar og effektive arbeidsprosessar
- sikre god framdrift og gjennomføring i prioriterte oppgåver
- vidareutvikle ein open og inkluderande organisasjonskultur
- styrke og vidareutvikle system og praksis innan HMS og internkontroll
For å lukkast i rolla, trur vi du:
- er ein tydeleg og trygg leiar som set retning og prioriterer
- trivst med å vere tett på drift og organisasjon
- er synleg og tilgjengeleg for medarbeidarane
- følgjer opp og bidreg til framdrift i arbeidet
- byggjer tillit og gode relasjonar på tvers av organisasjonen
- arbeider moderne, strukturert og systematisk
Hos oss i Kvam Energi får du ein variert og meiningsfull leiarrolle der du får leie eit viktig selskap med stor betydning for lokalsamfunnet. Du vil arbeide tett på dyktige fagmiljø og engasjerte medarbeidarar, og få høve til å påverke utviklinga av selskapet i ein bransje i endring. Arbeidsstad er i Norheimsund i Kvam. Det er ønskjeleg at dagleg leiar er til stades i regionen og har tilknyting til lokalsamfunnet.
For nærare informasjon kan du ta kontakt med våre rådgjevarar i Bønes Virik Executive Search AS Arild Mjøs Andersen, tlf. 916 06 509 eller Anne S. Posner tlf. 906 91 846. Søknadsfrist er 19. april 2026.
FerdigheterAI-generert
- Drifte vedlikeholdssystemer
- Internkontroll
- Korrigerende vedlikehold
- Kunnskap om teknologi
- Ledelse av arbeidsprosesser
- Økonomistyring
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kvam Energi AS er ein lokal energikonsern med hovudkontor i Norheimsund, eigd av Kvam herad. Verksemda består av morselskapet Kvam Energi AS, og dei heileigde dotterselskapa Haringnett og Kvam Kraftverk AS, og omfattar produksjon av fornybar vasskraft, drift av straumnett, kraftomsetning og utbygging av fibernett. Med om lag 30 tilsette og sterk lokal forankring arbeider selskapet for trygg energiforsyning og utvikling av framtidsretta infrastruktur til innbyggjarar og næringsliv i Kvam. Les mer på www.kvam-kraftverk.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5600 Norheimsund
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Ledelse, Beredskapsarbeid, HMS og arbeidsmiljø, Daglig drift, Toppleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457306866
- Sist endret
