Teknisk Koordinator
Tombre-gruppa
- Frist 20.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Me søker strukturert og allsidig teknisk koordinator
Vi søkjer ein strukturert og løysingsorientert teknisk koordinator som vil få ei sentral rolle i den tekniske oppfølginga av konsernet sine lokalitetar, utstyr og båtar. Stillinga vil ha ein variert arbeidskvardag som kombinerer både administrative oppgåver og praktisk oppfølging ute i felt.
Stillinga vil bidra til å sikre stabil teknisk drift, koordinering av vedlikehaldsarbeid og etterleving av tekniske myndigheitskrav på tvers av organisasjonen. Rolla inneber tett samarbeid med produksjon, leverandørar og tekniske fagmiljø, og krev god forståing for korleis tekniske aktivitetar blir planlagde og gjennomførte i samspel med den daglege produksjonen.
Du vil òg bidra i utviklinga av selskapet sine teknologiske løysingar og vere ein viktig ressurs i innkjøpsprosessar og oppfølging av tekniske leverandørar.
Kva vil du jobbe med?
Koordinere tekniske aktivitetar knytte til drift, vedlikehald og oppgraderingar av anlegg, båtar og utstyr
Halde systematisk oversikt over selskapet sitt tekniske utstyr og installasjonar
Følgje opp sertifisering av anlegg, dokumentasjon og etterleving av myndigheitskrav
Planleggje og følgje opp vedlikehald av båtar og anna maritimt utstyr, inkludert slipp og større servicearbeid
Gjennomføre kontrollar av teknisk utstyr og installasjonar ute på anlegga
Bidra i koordinering og utføring av teknisk opprigg og nedrigg av lokalitetar
Følgje opp avvik, vedlikehaldsrutinar og forbetringstiltak i organisasjonen
Delta i evaluering og implementering av ny teknologi og tekniske løysingar
Bidra i innkjøpsprosessar og anskaffingar av teknisk utstyr og tenester
Opplæring av tilsette og teknisk samarbeid med kollegaer på merdkanten
Følgje opp leverandørar, serviceavtalar og avtaleverk knytt til tekniske leveransar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har god teknisk forståing og evne til å kombinere strukturert planlegging og dokumentasjon med praktisk oppfølging. Du er sjølvstendig og løysingsorientert. Rolla vil arbeide tett med våre dyktige tilsette både på sjø og land.
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant teknisk utdanning (fagbrev, teknisk fagskule eller høgare utdanning) – relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
Erfaring frå havbruk eller maritim verksemd er ein fordel
Erfaring med teknisk koordinering, vedlikehald eller prosjektoppfølging
Kjennskap til myndigheitskrav i havbruksnæringa er ein fordel (t.d. NYTEK og IK-Akva)
God digital kompetanse
Du må kunne formulere deg godt munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar:
Strukturert og systematisk
Løysingsorientert og praktisk anlagt
Gode samarbeidsevner
Evne til å ta ansvar og følgje opp oppgåver over tid
Vi kan tilby:
Ei interessant og utfordrande stilling i ei næring og eit selskap i vekst
Varierte arbeidsoppgåver som gir moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår og god pensjonsordning
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Ferdigheter
- Dokumentasjon
- Koordineringsevner
- Servicearbeid
- Teknisk utdannelse
- Vedlikeholdsplaner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tombre er eit framtidsretta havbrukskonsern med hovudkontor i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune, om lag éin times køyretur frå Bergen sentrum. Me driv oppdrett av laks og aure på Vestlandet, frå Høyanger i nord til Karmøy i sør, med sterkt fokus på økologisk og berekraftig produksjon.
Konsernet har i dag 9,5 matfiskkonsesjonar og 2 setjefiskkonsesjonar. Årleg blir det produsert om lag 14 000 tonn laks og aure. Produksjonen i sjø er fordelt på 14 lokalitetar i Vestland fylke.
- Sektor: Privat
- Sted: Leiro 33, 5640 Eikelandsosen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Fiskeri og oppdrett, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Teknisk personell, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teknisk koordinator, vedlikehold, havbruk, utstyr, båt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457844143
- Sist endret

