Formann service og automasjon
Tecno VVS AS
- Frist 19.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du kundeorientert med blikk for heilskap?
Kan du planlegga og organisera? Ynskjer du ein formannsjobb der du dagleg vert utfordra i eit spennande arbeidsmiljø – og i eit sterkt fagmiljø med samarbeid på tvers av fag og lokasjonar?
Då kan du vera den me ser etter!
Avdelinga arbeider breitt innan innregulering, feilssøking, oppstart av tekniske system, programmering, tavlebygging og service på ventilasjon, varmepumper og EL-kjel. Du får ei nøkkelrolle i å koordinera, kvalitetssikra og utvikla desse fagområda vidare.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for oppfylging av service- og automasjonsarbeid i verksemda
Støtte til serviceteknikarar og automatikarar
Handsaming og fordeling av arbeidsoppdrag
Kundekontakt. Mellom anna synfaring, tilbodsgjeving, rådgjeving og elles oppfylging av nye og eksisterande kundar
Samhandling med andre avdelingar og fag
Oppfylging av økonomi og framdrift på avdelinga for å sikra inntening og fornuftig drift
Ansvar for servicedatabase, system og faste avtalar
Ansvar for oversikt og ferdigstilling av alle oppdrag på avdelinga. Mellom anna dokumentasjon, oppfylging av sjekklister, avvik, HMS og kvalitetssystem samt setje klar ordre til fakturering
Kompetanse og personlege eigenskapar
Fagbrev som automatikar/ elektrikar er å føretrekke
Relevant fagskule eller høgare utdanning er ynskjeleg
Leiarerfaring er ynskjeleg
Gode kommunikasjonsevner- norsk er arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
Løysingsorientert og nysgjerrig
Motivert og sjølvledande
Førarkort kl B
Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse.
Me kan tilby
Ei interessant stilling i eit godt fleirfagleg arbeidsmiljø
Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
Gode pensjons-, løns-, og forsikringsforhold
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
TECNO VVS AS tilbyr totaltekniske løysingar innan VVS, med tverrfagleg kompetanse innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg.
Me står for prosjektering, utføring og drift av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte. Som kunde hjå TECNO VVS AS treng du ikkje ta omsyn til grensesnitt mellom VVS-faga.
- Sektor: Privat
- Sted: 5600 Norheimsund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg, Håndverkstjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
formann, automasjon, service
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457514706
- Sist endret
