Politioverbetjent med funksjon som innhentingsoperatør
Vest politidistrikt
- Frist 17.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vera med å bidra til at PST Vest handterar dei mest alvorlege truslane mot landet vårt?
Om stillinga
Ved PST Vest, seksjon for innhenting, i Vest politidistrikt er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som innhentingsoperatør. Stillingen er stedsplassert i Bergen. Som innhentingsoperatør skal du hente inn, og vurdere informasjon frå ulike innhentingsmetodar, og svare på informasjonsbehov.
Me er avhengige av at medarbeidarane til ei kvar tid har høg kompetanse innan våre arbeidsområde og du vil få tilbod om systematisk kompetanse- og erfaringsutvikling i tråd med kompetansestrategien til PST, inkludert kurs, seminar, faglege nettverk og praktisk opplæring. Medarbeidarane våre trekkjer fram varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, kompetente kollegaer og ein meningsfull arbeidskvardag som dei viktigaste aspekta ved å jobbe hos oss.
PST er Noregs nasjonale innanlands etterretnings- og tryggingsteneste og har ei viktig rolle i vernet om demokratiet, borgarane og viktige samfunnsinteresser. PST er ei flerfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST skal indentifisere og vurdere truslar knytta til etterretning, sabotasje, spreiing av masseødleggelsesvåpen, terror, ekstremisme og truslar mot styresmaktpersonar. PST har hovudkontor i Oslo samt kontor i alle politidistrikt.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal me førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Søkjarar må tilfredsstille krav til sikkerhetsklaring og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG. For å verte sikkerhetsklarert må kandidaten være villig til å gje personlige opplysningar om seg sjølv og sine næraste. Du blir anmodet om å vise diskresjon om du søkjer stilling i PST. Meir informasjon om dette blir gitt i løpet av søknadsprosessen. Noko reisevirksomhet må påregnast.
Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar
Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å arbeide hos oss. Stillinga krev god forståing og kjennskap til samfunnsoppdraget til PST, samt kunnskap om relevante samarbeidsaktørar. Det vil telje positivt med erfaring frå informasjonsinnhenting ved bruk av ulike metodar. Det gjeld òg ytterlegare språk- og kulturforståing.
Arbeidsoppgåver
- Taktisk og teknisk innhenting på bakgrunn av innkomne anmodningar og pågåande produksjon
- Levera gode og forståelege produkt til rett tid i tråd med retningslinjer for einkjelderapportering i PST
- Bidra i politioperative oppgåver etter behov
- Førebyggjande og oppsøkjande verksemd knytt til personar/aktørar av bekymring og/eller av interesse
- Behandle innkomen informasjon
- Bidra i relevante arbeidsprosessar og andre oppgåver på oppdrag frå nærmaste leiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Godkjent vitnemål frå politiskule / politihøgskule
- Tilfredsstille kompetansekravet for pb3 og ha arbeida innan etterretning, førebygging eller anna relevant erfaring i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- God framstillingsevne skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- IP4-godkjent eller vere villig til å bli IP4-godkjent
- God IT- og systemkompetanse
- Godt kjennskap til organiseringa av politiet og samfunnsoppdraget til PST
- Tilfedsstille krav til sikkerhetsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG. Sikkerhetsklarering må føreligge før evt. ansettelse.
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykker ein til at det blir gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forant av eventuelt intervju.
Det er også ønskeleg med:
- God forståing for etterretningsfaget og etterretningsprosessen
- Erfaring frå ulike innhentingsmetoder blir vektlagt
- Erfaring med formidling, både internt og eksternt
- Erfaring med bruk av relevante analyseverktøy
- Andre språkkunnskapar
- Erfaring frå PST og samarbeidspartnarane til PST
Personlege eigenskapar
- Evne til å tenkje nytt og bidra til videreutvikling av eininga, samt bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø
- Systematisk og høg arbeidskapasitet
- Sterk evne til å byggje relasjonar, ha god formidlingsevne og skape god dialog, både internt og eksternt
- Evne til å koordinere parallelle oppgåver etter gjeldande prioriteringar
- Viser høg etisk integritet i arbeidet
- Evne og interesse for å tileigne seg kunnskap om andre kulturar og område
Me vil særlig legge vekt på personlige egenskaper som bidrar til å styrke og utfylle enheten.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan me tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med å forme framtidas politi
- Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som spesialist stillingskode 0287 med årslønn frå kr 790.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (turnus og trening i arbeidstida)
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Etterretning
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leiar. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465801211
- Sist endret
