Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Arrestforvarar

Vest politidistrikt

  • Frist 21.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Bli arrestforvarar i Bergen! Vi tilbyr eit støttande og profesjonelt miljø med moglegheiter for utvikling.

Om stillinga

Vil du vere ein nøkkelperson i sikring av tryggleik, kvalitet og profesjonalitet i eit av Noregs travlaste arrestmiljø?

 Ønskjer du å bli arrestforvarar?

Har du gode kommunikasjonsevner og klarer å halde roa i krevjande situasjonar? Har du evna til å tenkje sikkerheit og samstundes vere ein god omsorgsperson? Er du i tillegg reflektert og likar ein utfordrande kvardag? Då kan arrestforvarar i Bergen vere jobben for deg!

Vest politidistrikt, FOT - Felles eining for operativ teneste, har for tida ledig 2-3 faste stillingar som arrestforvarar (stillingskode 1531). Stillingane inneber for tida 3-delt turnus med dag-, kvelds- og nattarbeid og kvar tredje helg.

 Seksjon for arrest og framstilling består av erfarne medarbeidarar med solid bakgrunn frå etaten og med høg kompetanse. Tenesta er til tider utfordrande, og våre tilsette må vise fagleg innsikt, forståing, sjølvstende og avgjerdsevne. Du står likevel aldri åleine - i eit miljø med godt samarbeid og tydeleg struktur. Arrest- og framstillingsseksjonen består av dyktige og erfarne arrestforvararar, leiande arrestforvararar, fagleiar og seksjonsleiar. Her jobbar du tett på menneske, fag og leiing.

 Arrest- og framstillingsseksjonen sitt hovudansvar er ein viktig del av politiet sitt samfunnsoppdrag, ved dagleg ivaretaking av:

  • Arrestantane sitt liv, helse og rettstryggleik
  • Sikring av menneskeverd og personvern
  • Praktisering av regelverk for innsetjing og opphald på ein trygg, einsarta og profesjonell måte

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. 

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

I arbeidsutføringa vil du møte mange ulike menneske. Nokre har gjort alvorlege kriminelle handlingar, andre er i aktiv rus, nokre har psykiske lidingar og andre åtferdsvanskar. Evne til sikkerheitstenking og grensesetjing er ein viktig del av arbeidsutføringa. Det same gjeld omsorg for menneske i djup krise. Du som tilsett må kunne reflektere rundt omgrep som sikkerheit, omsorg, isolasjon og fridomsfråtaking.
 

Vidare søkjer vi deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår. I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for mottak og tilsyn med innbrakte og pågripne til sentralarresten ved politihuset i Bergen
  • Ivaretaking av arrestantar sine behov og rettar i tråd med gjeldande lovverk og instruksar
  • Utføre signalering, inkludert foto/fingeravtrykk, samt prøvetaking til DNA-registeret
  • Samarbeid med einingar internt i politiet, samt eksterne etatar
  • Framstilling og transportar, samt vakthald i retten
  • Utføre på- og avlenking av politiet si fotlenkje (omvend valdssalarm)
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Ha fullført 3-årig vidaregåande utdanning eller relevant fagbrev
  • Ha relevant yrkeserfaring, til dømes frå politiarrest, fengsel, helse og omsorg  eller forsvaret (avtent førstegongsteneste tel som erfaring frå forsvaret)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Ha eller forplikte deg til å ta relevant utdanning og opplæring internt
  • God digital kompetanse
  • Norsk statsborgarskap
  • Fysisk og psykisk skikka til å kunne gjennomføre og bestå krav innan operativ trening 
  • Førarkort klasse B og D1  (dersom du ikkje har D1-førarkort, dekkjer arbeidsgivar kostnaden  ved bestått D1 - førarkort innan 6 månader)

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.

Det er òg ønskjeleg med:

  • Minimum 3 års relevant yrkeserfaring eller høgare utdanning
  • Kunnskap om andre kulturar

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har:

  • Evne til å tenkje sikkerheit
  • Gode samarbeidsevner og som kommuniserer tydeleg og profesjonelt
  • Evne til å arbeide strukturert og nøyaktig, med ei serviceorientert tilnærming
  • Evne til å handtere tempo og ansvar på ein trygg, roleg og profesjonell måte
  • God forståing for arrestseksjonen si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag, og kor viktig det er å ivareta menneskeverd og menneskerettar i alle ledd

Motivasjon og personleg eignad for stillinga vil bli lagde vekt på.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).

 

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Ein arbeidsplass som set profesjonalitet, tryggleik og rettstryggleik først
  • Eit arbeidsmiljø med fokus på openheit, samarbeid og respekt
  • Stillinga vert lønna som arrestforvarar (stillingskode 1531) frå  485 000,- . Lønsinnplassering i samsvar med kompetanse, og for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. For tida tilkommer ATB-tillegg tilsvarande kr. 44 708,- brutto per år.  Tillegg for kveld/natt og helgearbeid tilkjem. 
  • Stillinga følger ordning for stigeopprykk i tråd med Hovedtariffavtalen i staten, som gir ei årleg lønnsutvikling på 1,1 % dei første 10 årene, deretter 0,55 % årleg stigning dei neste 6 åra. Dette kjem i tillegg til årlege lønnsforhandlingar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode lån-, pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no) 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ). 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ferdigheter
AI-generert

  • DNA
  • Finne fingeravtrykk
  • Kriserådgivning (sosialt arbeid)
  • Sikkerhet i fengesel
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med  politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
  • Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
  • Stillingsfunksjon: Vakt og sikkerhet
Vest politidistrikt logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Rune Greve
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 40 41 93 96
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Spørsmål om søknad/ CV
  • Stillingstittel: Seksjon for HR
Send melding
  • Bli kjent med Vest politidistrikt
  • Flere stillinger fra Vest politidistrikt

5362 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Politiet logo

Politiet

Ett politi for alle
  • MedarbeiderplattformFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Jobb i politiet

Firmaets beliggenhet

Allehelgensgate 6, 5016 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466033045
  • Sist endret 5.6.2026, 14:24
Rapporter annonse