Tannlege
Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Me vil få to ledige tannlegestillingar på Gaupne tannklinikk frå sommaren 2026. Dette er ein tannklinikk med 3 behandlingskontor der det er budsjetert for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde og har tett samarbeid med Sogndal tannklinikk.
Gaupne er ei triveleg bygd i Luster kommune, vakkert plassert inst i Sognefjorden. Her bur du midt mellom fjord og fjell, med Jotunheimen rett i nærleiken – eit eldorado for turar, ski, klatring og friluftsliv året rundt.
Frå Gaupne er det kort veg til Sogndal, som er regionsenteret i Indre Sogn, med høgskulemiljø, kulturtilbod, butikkar og flyplass. Området gir gode moglegheiter for ein aktiv kvardag, samstundes som det er trygt og godt å bu.
Dette er ein stad som passar svært godt for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med natur, ro og livskvalitet.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759
Arbeidsstad
Øyagata 12A
6868 Gaupne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5110276465
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461136111
- Sist endret


