Konsulent/Spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 10.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Konsulent/Spesialkonsulent
Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?
Vi søkjer deg som er systematisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil veremed å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Denvidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftigelokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdigopplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav ividare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet. Vestlandfylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring,motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid.Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 43 vidaregåande skular,2 fagskular, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette og vårt årlege driftsbudsjett er påomlag 3,4 mrd. Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak,forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåandeopplæring, har ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter ogopplæringskontor. Seksjonen har òg ansvar for eksamen og fag-/sveineprøvar og forvaltardokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.
Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som konsulent/spesialkonsulent vedseksjon for inntak forvalting og sluttvurdering.Stillinga er knytt til sluttvurderingsfeltet og er knytt til arbeid med fagprøver.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg følgjande oppgåver
- Oppfølging av prøvenemnder
- Oppmelding til fagprøvar
- Sakshandsaming i Elements
- Utskrift av vitnemål og kompetansebevis
- Publikumskontakt på e-post og telefon
- Andre administrative oppgåver og rutineutvikling kan og bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad i eit relevant fag
- God administrativ it-kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, tenestemålet er nynorsk
- Det er ein føremon om du har kjennskap til Vigo og Elements
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein person som er
- Nøyaktig og strukturert
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaar
- Digital samhandling i eit fagfelleskap som har fleire kontorstadar
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde og Leikanger. Vi ønskjer at den som blir tilsett, har kontorplass i Førde eller Leikanger.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre undersøkelsesprosesser for lærlinger
- Nynorsk
- Teknisk IT kompetanse
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461130629
- Sist endret

