Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?
Sogndal kommune Økonomi
- Frist 10.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?
Me søker ein medarbeidarar med solid økonomikompetanse som vil vera med å styrke og utviklekommunen vidare. Du treng ikkje å kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, og for å sikre gode tenester over tid, må me ha orden i økonomien. I dette arbeidet vil du få ei sentral rolle og høve til å gjere ein reell forskjell.
Ledig stilling
Eittårig vikariat i 100 %, med mogelegheit for forlenging.
Stillinga vert ein del av team økonomi, som har ansvar for å planlegge, utvikle og følgje opp kommunen sin økonomi innanfor desse arbeidsområda:
utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
rekneskap
økonomistyring, oppfølging, rettleiing
finansforvaltning
kraftforvaltning
økonomisk analyse
verksemdstyring og utvikling
eigedomsskatt
Kvalifikasjonar
fortrinnsvis høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
gode IKT-kunnskapar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
nyutdanna vert og oppfordra til å søke
Eigenskapar
evne til å arbeide både strategisk og operativt
er nøyaktig og strukturert
har humor og arbeidsglede
du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
er god til å formidle
forankre og få folk med på laget
har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos ossuansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
FerdigheterAI-generert
- Analyse av økonomisk ytelse
- Bokføring
- Budsjettarbeid
- Matrikkelbeskatning
- Økonomistyring
- Utarbeide årsregnskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller
Nøkkelord
økonomi, rådgjevar, rekneskap, regnskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460753701
- Sist endret
