Butikkmedarbeider
Extra Sogndalsfjøra
- Frist 10.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Extra Sogndalsfjøra søkjer butikkmedarbeider deltid
Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 30-40%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 10.05.2026
FerdigheterAI-generert
- Kontanthåndtering
- Norsk
- Rengjøring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: 6856 Sogndal
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461836281
- Sist endret

