Fagansvarleg Depot (Pant- og tinglysingsfunksjon)
Luster Sparebank
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarleg Depot (Pant- og tinglysingsfunksjon)
Luster Sparebank søkjer medarbeidar til stillinga som fagansvarleg for Depot.
Depot er ein sentral del av banken si kredittverksemd og har ei viktig rolle i banken sitt kontroll- og kvalitetsarbeid. Stillinga bidreg til å sikre at lån og sikkerheiter vert handtert i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter og interne retningsliner.
Stillinga omfattar i tillegg oppgåver knytt til banken si internavdeling.
Arbeidsoppgåver
Hovudtyngda av stillinga vil vere knytt til depot og omfattar mellom anna:
Kvalitetskontroll og utbetaling av lån, kredittar og garantiar
Etablering og oppfølging av sikkerheiter
Rapportering og vidareutvikling av rutinar og kontrolltiltak
Yte fagleg støtte til rådgjevarane
I tillegg vil det også ligge enkelte andre interne oppgåver til stillinga, som til dømes fakturabehandling og handtering av feilkonto.
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning (relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet)
Erfaring frå bank, finansinstitusjon eller anna relevant verksemd er ein fordel
God forståing for kredittprosessar og dokumentasjonskrav
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg raskt inn i nye system
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein initiativrik person med gode analytiske evner. Du er strukturert og effektiv og evnar å prioritere og levere i henhold til tidsfristar. Du er løysingsorientert og god til å kommunisere og rettleie, og har i tillegg ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede
Me tilbyr
Ei ansvarsfull og fagleg viktig rolle i ein solid og lokal sparebank som brenn for gode kundeopplevingar og positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av
Eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og kultur, høg fagkompetanse og god stemning og stå-på-vilje
God opplæring og moglegheitar for fagleg og personleg utvikling
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 30 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vera ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisera sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».
- Sektor: Privat
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagansvarleg, depot, pant, tinglysing, kreditt
I Luster Sparebank får du kjekke kollegaer med i totalpakken. (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460755207
- Sist endret