Banksjef
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 6.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein leiar som skaper energi, retning og framdrift?
Har du forretningsteft, vinnarvilje og eit ekte engasjement for privatøkonomi? Vi ser etter ein leiar som byggjer lagkultur og skaper resultat for kontora våre i Sogndal og Årdal.
Som banksjef i region Sogn får du ansvaret for å omsetje banken sine mål til praktisk handling. Vi ser etter deg som verkeleg bryr deg om privatøkonomi, og som vil hjelpe kundane våre til å ta gode val for framtida.
Kven er du?
Du er ein leiar som forstår at gode resultat startar med folk. Du byggjer kultur, får rådgjevarane til å prestere saman, og evnar å vere både ein coach for teamet og ein strategisk partnar for kundane. Med din kommersielle teft ser du moglegheiter i marknaden, og du har gjennomføringskrafta som skal til for å gripe dei.
Viktige eigenskapar
- Forretningsteft: Du forstår marknadsmekanismene og korleis vi styrker vår posisjon i regionen.
- Leiar og kulturbyggar: Du er trygg i leiarrolla, ser den enkelte medarbeidar og byggjer eit arbeidsmiljø prega av meistring og høgt tempo.
- Fagleg engasjement: Du er over snittet interessert i privatøkonomi og ser verdien banken tilfører lokalsamfunnet.
- Lokal forankring: Du kjenner Sogn, er glad i menneska her og ønskjer å bidra til vekst og utvikling i Sogndal og Årdal.
Kva skal du gjere?
I rolla får du det overordna ansvaret for drift og utvikling av personmarknaden i regionen. Du leiar og utviklar eit sterkt rådgjevarmiljø, følgjer opp salsarbeid og sikrar kvalitet i leveransane. Du blir ein sentral del av leiargruppa for personmarknad og får stor påverknad på korleis banken utviklar seg vidare.
Kva får du?
Her får du handlingsrom til å forme di eiga leiarrolle og setje tydeleg retning for teamet ditt. Som tilsett blir du medeigar gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får gode vilkår på lån, sparing og forsikring. I tillegg tilbyr vi velferdsgoder som firmahytter og eit sterkt sosialt fellesskap.
Har du høgare utdanning på minimum bachelornivå og lyst til å setje spor etter deg i Sogn? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Linda Vøllestad Westbye eller Regine Gausemel.
Vi kontakter aktuelle kandidatar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden. Vi tek likevel ikkje den endelege vurderinga før fristen er ute, slik at alle blir vurderte på same grunnlag.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Hovevegen 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse, Salgsledelse
Nøkkelord
Banksjef, Personalledelse, Ledelse, Økonimi, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 459986747
- Sist endret



