Bibliotekar
Gloppen folkebibliotek, Gloppen kommune
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen - Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter bibliotekar i 100 % stilling, med oppstart så snart som muleg.
Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med si samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 – 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!
Som bibliotekar vil du inngå i eit arbeidsteam på 3 personar som jobbar godt på tvers. Alle deltek i den daglege drifta med skrankevakt og turnus med ei ettermiddagvakt i veka til kl 18. Vi er skulebibliotek for Firda vgs, med mange elevar som brukar biblioteket som sin arbeidsplass. Vi har også grunnskular i gangavstand, som vi samarbeider med. Kvardagen er både pulserande og hektisk, med mykje aktivitet. Eksterne tilskotsmidlar og prosjektarbeid er ein viktig del av teamet sine oppgåver. Vi gjennomfører ulike arrangement og foredrag på biblioteket, gjerne i samarbeid med lag- og organisasjonar.
6823 Sandane
Referansenr.: 5080311363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026

Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og bibliotekfagleg arbeid, vere del av turnus i skanke
- Bidra til å skape leselyst og leseglede
- Planlegging og gjennomføring av arrangement og formidlingsoppdrag
- Bidra i prosjektsøknader og gjennomføring av prosjekt for utvikling av biblioteket
- Marknadsføring av biblioteket sine tilbod
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, kultur eller formidling. Relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå arbeid i bibliotek eller tilsvarande er ein fordel
- God kjennskap til og interesse for litteratur
- God formidlingsevne både munnleg og skriftleg
- Gode IT-kunnskap
- Fordel med kunnskap om marknadsføring og sosiale medium
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein bibliotekar som
- er serviceinnstilt og kundevennleg
- har engasjement for å vidareutvikle biblioteket som møteplass for litteratur, kunnskap og opplevingar
- er ein engasjert formidlar innan litteratur
- har gode samarbeidsevner både internt og eksternt, og byggjer gode relasjonar
- jobbar sjølvstendig og er ansvarsbevisst
- er endringsvillig og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass i eit moderne bibliotek som ligg i eit pulserande miljø i Kulturhuset Trivselshagen.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Hovstad, Gloppen folkebibiliotek, 480 23 818Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5080311363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 450763850
- Sist endret