Sommarvert på Vågsberget
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 25.02.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du skape gode opplevingar der historia møter dagens gjestar?
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Vågsberget ved Måløy i Kinn kommune.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har fått relevant arbeidserfaring, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. På Vågsberget handels- og gjestgjevarstad formidlar vi historia om enorme rikdommar, stor naud og ein god handel.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:
- Vertskap og publikumsmottak
- Billettsal, resepsjon og informasjon
- Museumsbutikk og kafé
- Omvising for turistgrupper og andre besøkande
- Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:
- er fødd seinast i 2008
- kan uttrykke deg munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk
- trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
- har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
- har erfaring med SoMe
- tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- stiller opp og er til å lite på
- har ordenssans og får ting gjort
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav - du får opplæring.
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid mellom 09:00-17:30 tysdag til søndag i perioden 15.06.2026-16.08.2026. I tillegg vil det vere vakter i samband med cruise-anløp og arrangement til andre tider, primært i perioden mai-september.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
FerdigheterAI-generert
- Billettsalg
- Omvisninger
- Resepsjon (hotell/gastronomi)
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.
Vågsberget er ein landets best bevarte handels- og gjestgjevarstadar. Plassen har røter heilt tilbake til 1600-talet og ligg flott plassert, vendt mot sjøen, med sju freda bygningar.
Dei fleste av bygga vart reist tidleg på 1800-talet. Våningshuset og krambua er opne for publikum med omvising. I tillegg består Vågsberget av eit stabbur, eit sjøhus og ei drengestove der det var sengeplass til overnattingsgjestane. I den gamle driftsbygningen har vi innreidd med moderne kjøkken, eit koseleg kafélokale, resepsjon og museumsbutikk.
Les meir på Vågsberget sin nettstad.
Vågsberget er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kvernsteinsparken og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har om lag 60 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vågsberget 5, 6700 Måløy
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Resepsjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449197723
- Sist endret


