
Kunderådgjevar Direktebank
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 18.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du utvikle deg i bank og jobbe aktivt med kundedialog?
Direktebanken er i utvikling, og no treng vi fleire som vil vere med å løfte oss vidare.
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane skjer det mykje i Direktebanken. Vi styrkjer rolla vår i kundereisa og tek større ansvar for sal, kampanjar og kundeutvikling. Vi byggjer kompetanse og tek Direktebanken inn i ei meir aktiv og salsretta rolle. Her får du vere med der det skjer, i front av banken si vidare utvikling.
No søker vi ein engasjert og salsorientert rådgjevar i eit 100 % vikariat med varigheit på 15 månader. Dette er ei rolle som gir brei erfaring, solid bank kompetanse og eit sterkt fundament for vidare karriere i finansnæringa.
Rolla passar for deg som er sal- og serviceorientert og trivst i dialog med kundar. Du tek initiativ, likar å jobbe målretta og motiverast av resultat. Du er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg, både fagleg og personleg.
Arbeidsoppgåver
- Besvare og handtere innkommande kundekontakt på telefon, e-post og chat
- Onboarding av nye kundar for å sikre ein god start på kundeforholdet
- Aktiv og proaktiv kundedialog knytt til sal, kampanjar og digitale aktivitetar
- Informasjonsrådgjeving og behovsbasert sal som ein naturleg del av kundereisa
Kvifor Direktebanken?
Du får ei sentral rolle i gjennomføringa av banken sin strategi og blir ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid. Vi jobbar målretta og strukturert, og du får utvikle deg både fagleg og personleg.
Eit vikariat hos oss gir deg ikkje berre verdifull erfaring, det gir deg kompetanse, nettverk og innsikt som du kan bygge vidare på i banken eller i finansbransjen.
Er du nysgjerrig, eller usikker på om dette er rett steg for deg? Ta gjerne kontakt med Anette Nygård for ein uforpliktande prat.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon.Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
FerdigheterAI-generert
- Bank- og finansielle tjenester
- Gjennomføre aktivt salg
- Kundeservice
- Salg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Løsningssalg, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bank, Kundesenter, Rådgivning, Kundeservice, Økonomi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451479499
- Sist endret

