
Seksjonsleiar stab
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar stab
Vestland skal vere ein leiande kulturregion. Fylkeskommunen er pådrivar for ei berekraftig samfunnsutvikling, og har sett ambisiøse mål på kultur- og folkehelseområdet.
Mellom fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver er å:
- utvikle kulturlivet i fylket på beste vis
- forvalte ei rekkje tilskotsordningar, og støtte tiltak i kommunar og sivilsamfunn
- leggje til rette for organisert aktivitet og idrett, og eit aktivt og variert friluftsliv
- bidra på folkehelseområdet til betre levekår for befolkninga, til å jamne ut sosiale helseskilnader, og til eit samfunn som er tilgjengeleg for alle
Stillinga som seksjonsleiar for staben i avdeling for kultur og folkehelse gir ei unik mogelegheit til å bidra i dette arbeidet. Er du pådrivar for endring, og vil medverke til utvikling av organisasjonen? Vi søkjer deg som vil vere med på å sette retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Vi ser etter ein strukturert og trygg leiar som brenn for HR og god økonomistyring. Du har kunnskap om og erfaring med korleis ein veldriven organisasjon skaper gevinstar. Du har forståing for digital omstilling. Som seksjonsleiar arbeider du tett med direktør og er del av leiargruppa. Du vil leie ei stabseining med fire dyktige fagpersonar som understøttar drifta av avdelinga.
Arbeidsstad er Bergen eller Førde.
Arbeidsoppgåver
- HR-rådgiving og leiarstøtte for seksjonsleiarane i avdelinga og direktør.
- Personalansvar med vekt på kompetanse- og medarbeidarutvikling.
- Økonomi- og budsjettstyring.
- Kvalitetsarbeid og rutineutvikling.
- Delta i leiargruppa på avdelinga.
- Internt og eksternt kommunikasjonsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis på masternivå. Brei og relevant erfaring kan kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.
- Det er ynskjeleg med leiarerfaring, samt erfaring frå HR-feltet.
- Kompetanse og interesse for digitalisering og forbetring av prosessar.
- Gode framstillingsevner, munnleg og skriftleg.
- God økonomiforståing.
Personlege eigenskapar
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre; open, kompetent og modig.
- Analytisk med evne til å sjå samanhengar og moglegheiter for utvikling.
- Evne til å leie og motivere medarbeidarar.
- Høg integritet, handlekraft og gjennomføringsevne.
- Strukturert og systematisk.
- Gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Vi legg til rette for ein meiningsfull arbeidskvardag i ein viktig organisasjon for Vestlandssamfunnet. Du blir del av eit godt arbeidsmiljø der samarbeid står i sentrum. Vi har eit stort fagmiljø med brei kompetanse. Fylkeskommunen legg til rette for både fagleg og personleg utvikling.
Hos oss får du også:
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Administrere personell
- Digitalisering
- HR Consulting
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Kvalitetsstyring
- Planlegging og budsjettering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Stabsleiar, Stabsleder, Stab, Leder, Leiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451371060
- Sist endret

