Sommarvert Norsk Reiselivsmuseum
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 25.02.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du skape gode opplevingar der reiselivshistoria møter dagens gjestar?
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader i Balestrand.
Du fer rikare: Du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer i eit profesjonelt museumsmiljø, du har lært om kulturhistoria vår, du har fått relevant arbeidserfaring, du har møtt mange menneske frå heile verda og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. Hos Norsk Reiselivsmuseum formidlar vi historia om korleis Noreg vart eit reisemål og utviklinga av turismen.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:
- Vertskap og publikumsmottak
- Billettsal, resepsjon og informasjon
- Drift av museumsbutikk og kafé
- Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
- Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:
- er fødd seinast i 2009
- kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
- trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
- har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
- har erfaring med SoMe
- tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- stiller opp og er til å lite på
- har ordenssans og får ting gjort
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav - du får opplæring.
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tida mellom 10:00-17:30 måndag til søndag i perioden 22.06.2026-23.08.2026. I tillegg vil det vere aktuelt med helgevakter i skuldersesong.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
FerdigheterAI-generert
- Billettsalg
- Resepsjon (hotell/gastronomi)
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
I den vakre bygda Balestrand ligg eit av svært få museum på verdsbasis som tematiserer utviklinga av moderne turisme: Norsk Reiselivsmuseum. Museet presenterer norsk reiselivshistorie, der Balestrand har spelt ei viktig rolle.
Museet byr på spennande arkitektur frå ulike epokar. Eit særeige og moderne museumsbygg står ved sida av eitt av bygda sine historiske drakestilshus. Saman huser desse bygga fem fascinerande utstillingar. Dei synlege og ekte fjell veggane inne i bygget dannar unike utstillingsrom som samla skildrar reise livet si kultur hi storie i Noreg.
Norsk reiselivsmuseum tilbyr også filmframvising i auditoriet, eit rikt bibliotek og omvising i utstillingane våre. Gjester kan òg nyte ein forfriskande pause i Kafe Vindreken.
Les meir på Reiselivsmuseet sin nettstad.
Norsk Reiselivsmuseum er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Astruptunet, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kvernsteinsparken og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har om lag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holmen 12, 6899 Balestrand
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449187448
- Sist endret

