Vil du vera ferievikar hos oss i sommar?
Voss herad Område sør
- Frist 27.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me treng sommarvikarar i perioden 15. juni til 16.august 2026
Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer. Ved tiltreding vil du få opplæring i mellom anna forflytning,etikk, hygiene og andre praktiske tilhøve ved å arbeida i pleie- og omsorg. Alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhåndtering
Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type sommarjobb du ynskjer. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.
Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.
Me treng sommarvikarar på fylgjande stader:
- Institusjon
- Heimesjukepleien
- Heimehjelp
- Kjøkkenassistent
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie
- dialog og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- vernepleiararsjukepleiar/vernepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
- hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
- studentar / elevar
- du bør ha evne til å arbeida målretta, vera løysingsorientert og trygg
- me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega
- alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og får tilbod om sommarvikarkurs
- godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
- du må kunne nytta dataverktøy, og du vil få opplæring i våre program.
Alle som blir tilsett må levere politiattest
Me prioriterer dei som:- Er over 18 år
- Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
- Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid
- Personar med førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og engasjert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Likar utfordringar i arbeidet
- Møte andre menneske på ein respektfull og open måte
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- ein meiningsfull sommarjobb
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449164317
- Sist endret
