Fagansvarleg
Ulvik Kommune
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvarleg for sosialtenestene i Ulvik herad - 80% fast stilling
Ulvik herad søkjer etter ein motivert person som vil ta over som fagansvarleg for sosialtenestene. Stillinga er om lag 50% arbeid med dei kommunale NAV-oppgåvene, og 30% arbeid knytt til flyktningar. Du vil være samlokalisert med statleg NAV-tilsett som har kontorplass i Ulvik, og du vil jobbe tett med andre fagområde i heradet. Du blir del av eit fagleg og sosialt fellesskap knytt opp til statlege NAV-tenester i regionen Hardanger og Voss, rus og psykisk helse, legekontor, flyktningtenestene.
Oppgåver
Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og oppgåver som høyrer naturleg saman med dette. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar, særleg knytt til NAV-sine tenester.
Oppgåver inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfølging av brukarar inkludert klagesaker. Du vil få opplæring og ansvar for oppfølging av bustøtteordninga, og oppfølging av ordning for økonomisk råd og rettleiing som heradet har eit eksternt samarbeid om.
Som fagansvarleg er vil det bli forventa at du bidreg til tenesteutvikling gjennom arbeid med rutinar og det faglege innhaldet i tenestene.
Ynskja kvalifikasjonar
Relevant sosialfagleg høgare utdanning på bachelor- eller mastergradnivå, helst sosionomutdanning
Erfaring frå NAV og sosialt arbeid
God IT-kompetanse
Erfaring med fagsystemet Socio er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar – du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Me kan tilby
Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
Kontorplass på sentrumsbygget i Ulvik sentrum
Mobiltelefon og PC
Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagansvarleg, nav oppgåver, flyktningtenester, ulvik herad, sosialtenester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449188603
- Sist endret