
Rektor
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Rektor Voss vidaregåande skule
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor til ein av våre vidaregåande skular. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Kompetent, open og modig er Vestland fylkeskommune sine verdiar, og skal vere grunnlaget for all leiing.
Voss vidaregåande skule er ein framtidsretta og mangfaldig skule med om lag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram: Naturbruk, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Restaurant- og matfag, samt Teknologi- og industrifag.
Skulen ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og har rundt 115 engasjerte medarbeidarar. Voss vidaregåande skule er i kontinuerleg utvikling, både som organisasjon og som læringsarena. Skulen har eit tydeleg mål om høg kvalitet på tilpassa opplæring og tilrettelagt opplæring for å kunne gi kvar enkelt elev dei beste moglegheitene for læring, meistring og framtidige val. Me har høge ambisjonar og arbeider målretta for å vere blant dei leiande skulane innanfor våre programområde. Læring gjennom praksis, tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv og eit sterkt fokus på kvalitet i opplæringa er sentrale kjenneteikn ved skulen vår.
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2026.
Ansvarsområde for stillinga:
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane.
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar.
- Leie strategi- og utviklingsprosessar.
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling.
- Personalleiing og sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging.
- Ivareta medverknad for arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar.
- Økonomistyring.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2: "Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda."
Det er ønskjeleg at du:
- Set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid.
- Har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring.
- Har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne.
- Markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv.
- Har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning.
- Byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling.
- Opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak.
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du:
- Er open, nytenkjande og tillitsskapane.
- Har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert.
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar.
- Har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande.
Vi tilbyr:
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram.
- Løn etter avtale.
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Økonomistyring
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rektor, Skuleleiing, Skoleledelse, Vidaregåande opplæring, Videregående opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448329130
- Sist endret