Overlege
Voss DPS NKS Bjørkeli AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Ledig vikariat som overlege, med moglegheit for fast tilsetjing
Om oss
Då ein av våre overlegar skal ut i permisjon søker vi vikar for denne. Ved Voss DPS tilbyr vi behandling til pasientar med moderate til alvorlege psykiske lidingar i eit trygt og strukturert miljø. Vi har eit særs godt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, fagleg engasjement og høg kompetanse. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje pasientane best mogleg behandling. Som psykiater ved Voss DPS vil du møte eit stort og engasjert fagmiljø som vil ønske deg velkommen som kollega i vidare utvikling av våre tenester til det beste for pasientane i kommunane Voss, Kvam, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal.
Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.
Ved døgnavdelinga er det 12 sengeplassar og behandlarteam beståande av overlege, LIS, psykologspesialist og psykolog – i tillegg til miljøpersonale. Ved poliklinikken har vi to poliklinikkar: allmenn med gruppeteam og rehabilitering.
Vikariatet gir opning for arbeid ved enten døgnavdeling eller poliklinikk, dette avklarar vi med deg før oppstart.
Arbeidsoppgåver
Utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar ved døgnavdelinga og/eller poliklinikk
Delta i tverrfaglege behandlingsmøte og fagutvikling
Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell
Samarbeid med fyrstelinja
Bidra til kvalitetsarbeid og utvikling av behandlingslinjer
Delta i fagutvikling og forbetringsarbeid lokalt
Vaktordning
Stillinga inngår i bakvaktsordning for DPS-et med heimevakt. Vaktbelastninga er moderat og godt tilrettelagt for balanse mellom arbeid og fritid, og det er i dag 8 legar som inngår i vaktordninga.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i psykiatri
Erfaring frå døgnbehandling er ein fordel
Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
Norske språkferdigheiter, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høgt fokus på kvalitet
Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale (Overeinskomst for spesialisthelsetenesta)
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
Subsidiert kantine og tilgang til treningsrom
Fleksibel arbeidstid og fokus på balanse mellom jobb og fritid
Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg!
Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
Ferdigheter
- Diagnostikk
- Norsk
- Pasientbehandling
- Psykiatri
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland, Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sektor: Privat
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege, Psykiater
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, døgnavdeling, rettleiing, behandling, pensjonsordninger
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447047579
- Sist endret

