Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 26.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår sjukepleiar på natt?
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Posten har 9 behandlingsplassar, og vi legg stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
- Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
- Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du er:
- god på samarbeid og kommunikasjon
- initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- ein som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er god på å etterspør rettleiing
- lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
- Psykiatrisk pleie og omsorg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445953003
- Sist endret


