Vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 30.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar/sjukepleiar
Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig fast stilling i 100% frå snarast.
Arbeidsstad
Fusa butenester er ei avdeling, for vaksne, v/eining; Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, tenester i heim, ambulante tenester og avlastningsenter for born. Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste, i Fusa.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillinga er i turnus, med moglegheit for langvakter.
Kvalifikasjoner
- Du har autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, men søkjarar med relevant helsefagleg vil og bli vurderte.
- Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.
Du bidrar til:
- skapa gode relasjoner, tillit og tryggleik
- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
- ønskjer utfordringar
- er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
- lyttar med respekt
På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje brukar eit godt heilhetleg tilbod.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Medisinsk pedagogikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
sjukepleiar, sykepleiar, vernepleiar, vernepleier, turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446393657
- Sist endret