Organisasjons - og utviklingssjef
Klepp kommune
- Frist 27.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Organisasjons- og utviklingssjef
Klepp kommune står midt i ei spanande utviklingsreise, og me søkjer ein motiverande og driftig organisasjons- og utviklingssjef, til å forma og leia organisasjon vår inn i framtida. I Klepp kommune er me stolte av å vera ein av dei mest effektive kommunane i Norge. Me leverer tenester av høg kvalitet trass i lågare inntekter enn gjennomsnittet av norske kommunar. Klepp kommune har ein organisasjon per i dag på 80 leiarar.
Hausten 2026 flytter me inn i nytt rådhus i Klepp sentrum. Då blir me ein del av Plogen kulturhus og som tilsett hjå oss får du jobbe i eit kontorfellesskap i eit unikt bygg som er fullt av aktivitet frå morgon til kveld.
Arbeidsoppgåver
Du får ei sentral rolle i kommunedirektøren si leiargruppe og rapporterer direkte til kommunedirektøren. Du får personalansvar for leiarar i HR og dokumentsenter, digitalisering og IT, samt kommunikasjon. Du vil spela ei nøkkelrolle i å utvikla ein handlingsorientert, innovativ og fleksibel organisasjon, samtidig som du har ansvar for kompetanseutvikling av tilsette i heile kommunen.Kvalifikasjonar
Hovudansvaret i rolla handlar om å rigga organisasjonen for framtidas moglegheiter og forventningar.
Du får leia arbeidet med å utvikla ein innovativ og handlingsorientert organisasjon for å møta både utfordringar i dag og krava for framtida. Du bidrar til omstilling og endringsleiing som gjer oss godt rusta for tida som kjem. Dette inkluderer å vera ein pådrivar for innovasjon ved å utfordra etablerte strukturar og prosessar. Du får ansvaret for å utvikla ein sterk organisasjonskultur, endringsleiing og organisasjonsutvikling og sikra leiarstøtte i heile organisasjonen. Dette inneber også å leggja til rette for eit tillitsfullt partssamarbeid. I tillegg vil du styrka samarbeid og navigera i det politiske landskapet for å sikra at kommunen møter både noverande og framtidige utfordringar på best mogleg måte.
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein erfaren leiar som kan balansera strategiske mål med menneskelege omsyn, ein leiar som gir retning, tenkjer heilskapleg og står støtt om det stormar. Du må vera god med folk og ein leiar som byggjer relasjonar, skapar tydeleg retning og vera målbevisst i å driva fram nødvendige endringar. Du har solid erfaring med strategisk leiing, utviklingsarbeid, gjerne innan HR. Du har høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen.
Vi tilbyr
Som ein del av kommunedirektøren si leiargruppe, og leiar for tre dyktige avdelingsleiarar, vil du få ei utviklande og utfordrande rolle, med moglegheit til å skapa viktige endringar, som gir Klepp kommune eit godt grunnlag for framtida.
Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
Gode forsikrings-og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
10 dagers leiarfri pga politiske møter, utover vanleg ferie
Bedriftskunstforeining
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Lønn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Behersker IT-/datasystemer
- Digitalisering
- Navigasjon
- Strategisk ledelse
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Organisasjon og utvikling leder, HR leder, Leder, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448381998
- Sist endret

