Sjukepleiar
Psykosepost Valen sjukehus
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar som treng behandling i døgnpost.
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar.
- Rettleingsansvar for studentar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- God på samarbeid og kommunikasjon.
- Initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient.
- Tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning.
- Trivest i eit aktivt og travelt miljø.
- Teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- God på å etterspør rettleiing.
- Lojal i forhold til avgjersler.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleiar pleie, +47 53466473, britt.mari.ludvigsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5066021095
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.03.2026
Sluttdato: 07.02.2027
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446896330
- Sist endret