100% fast stilling som miljøterapeut
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som miljøterapeut
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 engasjerte kommunalt tilsette. Vi har ein nær og inkluderande kommune, noko som kjem til uttrykk visjonen vår: «Det gode livet for alle». Som tilsett hos oss er du med på å løyse viktige samfunnsoppgåver og bidrar til auka livskvalitet for innbyggjarane våre. Hos oss har arbeidet ditt har verdi og du betyr noko.
Avdeling Miljø og aktivitet, Psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden har ledig fast 100% stilling som miljøterapeut, i turnus med langvakter kvar 4. helg.
Arbeidsstad og avdeling
Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Vi har særleg fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen. Avdelinga er organisert i tre team:
Vartun bustadoppfølging
Tilbyr trygge rammer og målretta oppfølging på stabilitet og sjølvstende i eigen bustad. Tenesta omfattar mellom anna samtalar, varme måltid, sosialt samvær, utdeling av reint brukarutstyr, medikamenthandtering for pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
Ambulerande helsehjelp
Gir heilskapleg oppfølging i eigen bustad til personar med samansette utfordringar innan rus, psykisk helse og livsmeistring. Målet er å styrkje meistring og livskvalitet.
Livskvalitet
Eit lågterskeltilbod dagtilbod med arbeidstrening, aktivitet og gruppetilbod. Vi har mellom anna eigen sykkelverkstad og kaffibrenneri, samt tilbod innan utendørsterapi, gatelag fotball, klatring og terapiriding.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og individuelle planar
- Miljøterapeutisk arbeid og praktisk oppfølging i brukaren sin kvardag
- Deltaking i daglege gjeremål og ulike aktivitetar
- Primærkontaktarbeid, planarbeid og deltaking i ansvarsgrupper
- Deltaking i LAR-behandling
- Fremje aktivitet, meistring og arbeidstrening
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, til dømes sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar
- Anna relevant utdanning kan vurderast
- Vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid er ønskjeleg
- Erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er ein fordel
- Førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- Kan arbeida både sjølvstendig og i samarbeid med andre faggrupper
- Meistrar å stå i krysspress og handtere ulike og komplekse behov
- Er fleksibel, løysingsorientert og ser utviklingsmoglegheiter i møte med brukarar
- Har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- Er tillitsskapande og relasjonsbyggjande
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø
- Turnusarbeid (vakter dag, kveld og langvakter kvar 4 helg)
- Løn etter gjeldande avtaleverk. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der du kan gjere ein reell forskjell
- Aktiv satsing på heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste i samsvar med gjeldande regelverk. Søkjaren kan be om unntak frå offentleggjering. Dersom unntak ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi gjer merksam på at vi aldri ber søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Kjøre
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, psykisk, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446094509
- Sist endret

