Rådgjevar/seniorrådgjevar (jurist) - utdanning
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 14.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke jussen til å styrkje rettane til barn og unge?
Om stillinga
Utdannings- og verjemålsavdelinga har no ei fast stilling ledig i tilsynsseksjonen. Her jobbar tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse tett saman - i eit miljø der faglege perspektiv møtest og utviklar kvarandre.
Vi søkjer ein jurist med engasjement for rettane til barn og elevar innan utdanning.
Tilsynsseksjonen har som kjerneoppgåve å føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene sine etter opplæringslova og barnehagelova. Arbeidet omfattar òg handsaming av klagesaker, mellom anna innan vidaregåande opplæring, sluttvurdering i skulen, skuleskyss, særskild språkopplæring, realkompetansevurdering og opplæring for vaksne.
Den som vert tilsett, vil i tillegg arbeide med andre saker og gi rettleiing innan opplæringslova, barnehagelova og forvaltningsrett.
Statsforvaltaren har ansvar for å sikre at nasjonal utdannings- og barnehagepolitikk vert gjennomført i kommunane, og at barn og elevar får dei rettane dei har krav på. Arbeidet vårt spenner frå klagehandsaming og rettleiing til tilsyn med praksisen til kommunane.
Statsforvaltaren i Vestland er lokalisert i Leikanger, Bergen og Førde. Denne stillinga har kontorstad i Leikanger.
Arbeidsoppgåver
I stillinga vil du mellom anna
- handsame klagesaker etter opplæringslova og barnehagelova
- gjennomføre tilsyn med kommunar etter opplæringslova og barnehagelova
- rettleie kommunar, skuler, barnehagar og privatpersonar i spørsmål om regelverket
- løyse saker og problemstillingar etter forvaltningsretten
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- Cand. Jur. / master i rettsvitskap
- god forståing for offentleg forvaltning og kommunesektoren
- interesse for utdanningsfeltet og barn sine rettar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, på nynorsk og bokmål
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega som
- arbeider strukturert, tek ansvar og held fristar
- kan formidle komplekse problemstillingar på ein tydeleg og forståeleg måte
- trivst med samarbeid og faglege diskusjonar
- ønskjer å bidra aktivt i utviklingsarbeid og fagleg vidareutvikling
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Administrasjonsarbeid
- Bokmål
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Juridisk kompetanse
- Kjennskap til opplæringsloven
- Norsk forvaltningsrett
- Nynorsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457143516
- Sist endret

