Salskonsulent
Sognenett
- Frist 2026-04-13
- Ansettelsesform Fast
Salskonsulent
Stad: Sogndal, Vik eller Gaupne
Stilling: Fast, 100 %
Søknadsfrist: Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, frist 13.04.2026
Sognenett er i vekst, og no ser me etter ein salskonsulent som vil vere med å utvikle kundeforholda våre og bidra til vidare vekst i regionen.
Dette er ei rolle for deg som likar å skape kontakt, byggje relasjonar og sjå moglegheiter. Du treng ikkje vere IT-ekspert, men du må vere nysgjerrig på teknologi og ha lyst til å forstå korleis gode digitale løysingar kan hjelpe bedrifter i kvardagen.
Hos oss får du jobbe tett på bedrifter i regionen, skape tillit og bidra til løysingar som gjer kvardagen enklare, tryggare og meir effektiv for kundane våre.
Dette får du hjå oss
• Ansvar for eigne kunderelasjonar og salsmoglegheiter
• Ein variert arbeidskvardag ute hos kundar i regionen
• Moglegheit til å påverke det kommersielle arbeidet i ei verksemd i vekst
• Tett samarbeid med dyktige kollegaer innan nettverk, IT og teknologi
• Eit sterkt fagmiljø der du får støtte frå dyktige kollegaer
• Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel og korte beslutningsvegar
• Kontor midt mellom fjord og fjell
Om jobben
Som salskonsulent i Sognenett vil du vere ein viktig del av arbeidet med å utvikle kundebasen vår i regionen.
Du vil møte ulike bedrifter, bygge relasjonar og bidra til at dei finn gode løysingar innan internett, nettverk og IT-tenester.
Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, relasjonsbygging og aktivt salsarbeid.
Arbeidsoppgåver:
• Følgje opp og utvikle eksisterande bedriftskundar
• Oppsøkje nye kundar og skape nye salsmoglegheiter
• Kartleggje kundebehov og presentere relevante løysingar
• Jobbe strukturert gjennom heile salsprosessen
• Bidra med idear til korleis me kan nå nye kundar
Stillinga inneber aktiv kundekontakt ute hos bedrifter i regionen. Førarkort klasse B er nødvendig.
Kven ser me etter?
Du likar å møte nye menneske og er komfortabel med å ta initiativ. Å bygge relasjonar og skape tillit fell naturleg for deg.
Samtidig er du nysgjerrig på teknologi og likar å forstå korleis ulike løysingar fungerer, slik at du kan bruke den kunnskapen i dialog med kundar.
Du motiverast av å skape resultat, finne nye moglegheiter og utvikle gode kunderelasjonar over tid.
Me ser gjerne at du har
• Erfaring frå sal, kundearbeid eller relasjonsbygging
• Interesse for teknologi og digitale løysingar
• Strukturert arbeidsmetodikk og gjennomføringsevne
• Erfaring med CRM eller strukturert salsarbeid er ein fordel
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt.
Søknadar blir vurdert fortløpande.
Søknadsfrist: 13.04.2026
Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn, og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 30 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte.
Selskapet er ein del av Sognekraft-konsernet, eit solid og framtidsretta energikonsern med sterk regional forankring. Saman er me rundt 160 tilsette, og i 2025 hadde konsernet ei omsetning på om lag 826 millionar kroner.
Mantraet vårt?
Meir fart. Meir moro.
Spørsmål om stillinga?
Tore Bø
Dagleg leiar Sognenett IT
+47 905 08 968
Svein Ove Bergseth
Salsansvarleg
+47 480 01 500
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre aktivt salg
- Kundeportefølje
- Kunnskap om teknologi
- Salgsprosess
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Parkvegen 5, 6856 Sogndal
- Bransje: Internettbaserte tjenester, IT, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Produktsalg, Rådgivning, Salg
Nøkkelord
Salg, Account manager, B2B salg, Sogndal, CRM
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456399217
- Sist endret



