Rådgjevar/seniorrådgjevar - plan
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 19.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til planseksjonen vår
Vi har ledig ei fast stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar på planområdet.
Stillinga høyrer til kommunalavdelinga, med om lag 50 tilsette. Planseksjonen, som denne stillinga høyrer til, har for tida 14 tilsette fordelt på kontora våre i Leikanger og Bergen. Planområdet er spennande og aktuelt, stiller krav til fagleg innsikt og inneheld varierte oppgåver.
Statsforvaltaren er sektormynde og medverkar i kommunalt planarbeid, der vi mellom anna skal sjå til at kommunane oppfyller plikta til planlegging etter plan- og bygningslova og at nasjonale interesser vert varetekne. På vegner av embete samordnar planseksjonen dette arbeidet, og arbeidet skjer i tett samarbeid med andre avdelingar i embetet. Vi samarbeider òg tett med kommunane, fylkeskommunen og regionale statsetatar.
Du må rekne med noko reiseaktivitet, og må difor ha førarkort. Stillinga har kontorstad Bergen eller Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Bistand innan planjuridiske problemstillingar i spørsmål frå t.d. kommunar.
- Bistå internt med m.a. kvalitetssjekk av føresegner til arealplanar.
- Rettleiing og formidling av statlege omsyn i kommunale og regionale planprosessar etter plan- og bygningslova.
- Vurdering av statlege interesser i kommunale planar og vedtak gjennom vår medverknad overfor kommunane (sakshandsaming).
- Delta i samordning av statlege planinteresser, og møteverksemd.
Kvalifikasjonar
- Cand. Jur. / mastergrad i norsk rettsvitskap, ev. master innan planfag med fordjuping i planjuss.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.
- Ønskeleg med erfaring frå kommunal planlegging. Spesielt relevante fagområde er rettsvitskap eller arealplanlegging.
Personlege eigenskapar
- Interessert i offentleg forvaltning
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Positiv og fleksibel
- Strukturert og sjølvstendig
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Endringsarbeid og bidra til utvikling av plansaksbehandlingen
- Juridisk rådgivning
- Juss
- Kjennskap til forvaltningslova
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
- Utarbeidelse av reguleringsplaner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Jurist, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453769695
- Sist endret
